Areal som kan vere ute av drift

Mykje areal kan synast å vere ute av drift i statistikk frå NIBIO. No vil Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark sette lys på årsaker til dette og arbeide for at meir av jordbruksareala takast i aktiv bruk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.01.2021

Statsforvaltaren vil i 2021 sette fullt trykk på «Areal ute av drift» og få med alle kommunane i fylket inn i eit hovudprosjektet. Arbeidet er basert på NIBIO si kartløysning som syner areal som kan vere ute av ordinær jordbruksdrift for kommunane i Noreg. For Noreg sett under eitt syner statistikken til at 13,5 % jordbruksareal kan vere ute av drift. For Vestfold og Telemark syner det til 11,1 % av arealet i fylket (NIBIO). Variasjonen er stor frå kommune til kommune. Areala i fylket vårt er ulike og jordbruksdrifta er tilpassa lokale høve frå fjell til kyst. Arbeidet i prosjektet vil sette lys på årsaker til at areala eventuelt ikkje er i bruk. Målet er betre kunnskap om areala og målrette den lokale innsatsen for å få viktige areal attende i jordbruksdrift!

Gjennom 2019 og 2020 har Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark jobba fram ein metode for å følgje opp areal i kommunane som kjem fram som «ute av drift» i NIBIO si kartløysing. Dette har vore organisert som eit pilotarbeid. Arbeidet er gjennomført i samarbeid med tre pilotkommunar; Vinje, Seljord og Horten. Resultata har gitt kommunane eit klassifiseringsverktøy for å følgje opp areal og er utgangspunktet for arbeidet i hovudprosjektet.  

Bilete 1. Areal ute av drift i NIBIO si kartløysing, syner før og etter klassifisering. Kjelde: NIBIO

Bilete 2: Klassifiseringsmetoden med fire hovudklasser (1-4) for sortering på areal ute av drift
Kjelde: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Det er og eit mål at metoden for arbeidet kan nyttast utanfor Vestfold og Telemark fylke og vere eit prosjekt for å følgje opp NIBIO si kartløysing. Prosjektet vil gje rett status på aktuelle areal ute av drift og gje kommunane ei «verktøykasse» for å rettleie og vurdere vidare oppfølging for desse areala. Det er sett delmål for arbeidet:

  • bruke klassifiseringsmetoden utvikla i forprosjektet i alle kommunane i Vestfold og Telemark i 2021
  • Utarbeide vurderingskriterier for å definere areal som bør attende i drift eller kan takast ut av varig drift
  • Utarbeide eit sett med råd for oppfølging av areal som bør takast inn i ordinær drift, kalla verktøykasse

Statsforvaltaren vil følgje kommunane gjennom si registrering og legge ei brei fagleg vurdering inn i vurderingskriteria og verktøykassa. Prosjektet skal avsluttast i 2021 med rapport på arbeidet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.