Rapporten om borkbilleovervakinga i 2025
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) publiserte like før jul sin rapport med resultat frå borkbilleovervakinga i 2025. Rapporten viser at fangstane gjekk ned i både Telemark og Vestfold, men Telemark er likevel eitt av dei to fylka i Noreg som har høgast fangstar.
Det er store lokale forskjellar, og det er framleis mykje biller i områda som fekk store vindfellingar under stormen i november 2021. Tokke kommune skilde seg ut i 2025, med fangstar som var så høge at dei var over terskelen for «høg risiko for omfattande billeskader».
Forhåpentleg vart billetoppen etter stormen nådd i 2025, fire år etter stormen. Erfaringane tilseier at billene når ein topp 3-4 år etter ei stor tørke- eller storm-hending, før populasjonen vert redusert igjen. Temperatur og nedbør i vekstsesongen 2026 vil påverke billene si evne til å auke eller halde populasjonen oppe. Kommunar og skogeigarar som hadde mykje granborkbiller i 2025 må derfor følgje nøye med og sjå etter billeangrep på ståande tre i 2026 – og kanskje håpe på ein kald og nedbørrik forsommar.
Heile rapporten frå NIBIO kan lesast eller lastast ned frå Nasjonalt vitenarkiv.