ØKS - Virkesdata/sending 2026-03
Sendinga er no klar i ØKS. Kommunane må godkjenne ekspederinga innan 20. mars.
Publisert 09.03.2026
Kommunane skal kontrollere at beløpa er korrekte, og i samsvar med §§ 5-10 i Forskrift om skogfond o.a. nr. 881.
For eigedomar under 10 dekar, der innbetalingane stort sett kjem inn på s-konto 9899, skal skogfondet utbetalast straks.
Eventuelle avvik som kommunen ikkje kan rette opp i ØKS, skal meldast til Statsforvaltaren så raskt som mogleg.
Hugs: Kommunane må godkjenne ekspederinga innan 20. mars.