NMSK skogkultur – hugs å sende inn satsane

Det er fleire kommunar som enno ikkje har sendt informasjon til Statsforvaltaren om kva for retningsliner og tilskotssatsar som gjelder for NMSK-midlar til skogkultur i 2024.

Publisert 06.03.2024

Sjølv om det ikkje er endringar frå tidlegare, ynskjer vi at alle kommunar bekreftar satsane for 2024 skriftleg til Statsforvaltaren. Dette kravet kjem fram av tildelingsbrevet til kommunane, som vart sendt 26. januar. Send gjerne informasjon om retningsliner og tilskotssatsar i e-post til sfvtskogfond@statsforvalteren.no.

Vi er klar over at nokre kommunar ventar med å sende inn til retningslinene er politisk vedtekne, og det har vi sjølvsagt forståing for.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.