Prioriter produksjonssvikt
Me har ledig sakshandsamingskapasitet og ynsker å verte ferdige så snart som råd.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 07.02.2024
I Vestfold og Telemark er det no att 430 søknadar som ikkje er ferdig handsama. Av desse ligg 370 søknadar i kommunane; 64 i Elf og 306 i Agros. De vert oppmoda om å prioritere å presakshandsame/attestere, slik at me kan få handsama sakene, fatta vedtak og betalt ut tilskot.
For dei sakene som gjeld salsproduksjon, må sal i kg vera dokumentert for dei siste seks åra. For sakene som gjeld grovfôr (føretak med husdyr), må skjemaet som viser avling 2020-2022, beitelogg og gjødslingsplan leggjast ved.