Nye satsar, ny toppavgrensing og handsaming av søknadar om tilskot ved produksjonssvikt

Fagsystema må oppgraderast. Saker i ELF kan me handsame frå 04.01.24. Frå 12.01.24 kan me også handsame saker i Agros.

Publisert 04.01.2024, Sist endra 05.01.2024

Stortinget har no vedtake å endre satsane og toppavgrensinga i tilskot ved produksjonssvikt.

Dei nye satsane finst i § 13 i forskrift om satser for og beregning av tilskudd ved produksjonssvikt i plante- og honningproduksjon (sats- og beregningsforskriften).

For skadeåret 2023 kan det betalast ut inntil 1 800 000 kr innafor kvar av vekstgruppene frukt, bær, grønnsaker, poteter, grovfôr og korn. Reglane for toppavgrensning finst i § 6 i forskrift om tilskudd ved produksjonssvikt i plante- og honningproduksjon.

Landbruksdirektoratet treng litt tid for å få arbeidd dei nye satsane og dei nye toppavgrensingane inn i fagsystema. Etter planen vil det vera mogleg å handsame saker i Agros frå 12.01 og i Elf frå 04.01.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.