Ny registrering for straumstøtte

Alle jordbruksføretak som mottek straumstøtte, må stadfeste at føretaket framleis har aktiv jordbruksdrift for å kunne halde fram med å få straumstøtte. Stadfestinga må gjerast innan 16. mars 2026.

Publisert 25.02.2026

Stadfestinga er nødvendig for å sikre at det berre er aktive jordbruksføretak som oppfyller vilkåra for ordninga, som får straumstøtte. Føretaka må logge inn og stadfeste at føretaket framleis oppfyller vilkåra, eller avslutte søknaden dersom det ikkje lenger er drift. Landbruksdirektoratet sende måndag ut SMS med informasjon om dette til alle føretak som mottek straumstøtte i dag.

Det er Landbruksdirektoratet som administrerer straumstøtteordninga. Likevel hender det at kommunane får spørsmål om ordninga. Vi viser difor til saka på direktoratet sine heimesider til orientering:

Jordbruksføretak må stadfeste vidare drift for å vidareføre straumstøttesøknaden - Landbruksdirektoratet

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.