Frist for å søke om tilskot ved produksjonssvikt: 31.10
Fristen er absolutt.
Minn gjerne føretak det kan gjelde, på at dei må søkje innan 31.10. Det ser ut til at ulike produksjonar og dei fleste kommunane er råka av ugunstige klimatilhøve.
Statusen for meldingar og søknadar ei veke før fristen går ut
So langt i 2024-sesongen er det i Vestfold og Telemark registrert 148 meldingar om mogleg produksjonssvikt. Det er registeret 30 søknadar. 4 av søknadane er ferdig handsama. Dei resterande 24 ligg framleis i kommunen.

Tal på meldingar om mogleg produksjonssvikt per 23.10.2024

Tal på innkomne søknadar om tilskot ved produksjonssvikt per 23.10.2024
Ny rutine for å søke om dispensasjon
For 2024-sesongen skal føretaket sende dispensasjonssøknad direkte til Landbruksdirektoratet.
Den gamle rutina der føretaket sendte dispensasjonssøknaden til kommunen, og kommunen sendte dispensasjonssøknaden vidare til statsforvalteren, som til slutt sendte søknaden til Landbruksdirektoratet, er altså forlatt.
Vilkår for å få dispensasjon frå søknadsfristen
Det som framleis gjeld, er at det berre er i særlege tilfelle at det vert innvilga dispensasjon frå søknadsfristen. Nokso som typisk vert rekna som særleg tilfelle, er dokumentert sjukdom.
For 2023-sesongen vart det dispensert frå søknadsfristen der føretaket hadde misforstått melding som søknad. For 2024 vil det ikkje verta dispensert ved slike høve.