Statlege forventningar til kommunane i 2026

– Når Stortinget vedtar lover og regjeringa kjem med nye satsingar, er det ofte kommunane som skal følgje dei opp. I det årlege forventningsbrevet til kommunane klargjer vi dei viktigaste og dei nye forventningane som staten har til kommunane, seier statsforvaltar Trond Rønningen.

Publisert 26.08.2025

No kjem forventningsbrevet for 2026

No har Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, saman med andre regionale statsetatar, utarbeida eit forventningsbrev til kommunane for 2026. Forventningsbrevet blir sendt ut til kommunane med utgangspunkt i vår rolle som formidlar av nasjonal politikk til lokalt nivå.

Føremålet med dokumentet er å legge til rette for effektiv styringskommunikasjon, mellom anna ved å klargjere ansvaret til kommunane og det lokale handlingsrommet. Brevet er ikkje ei fullstendig oppgåveliste.

Statsforvaltaren har eit overordna ansvar for å:

  • sørge for at nasjonal politikk blir gjennomført i fylket
  • vareta ei rekke forvaltningsoppgåver på vegne departement og direktorat
  • vareta rettstryggleiken til innbyggarane ved å føre tilsyn med delar av kommuneverksemda og gjennom å vere klageinstans for kommunale vedtak
  • formidle og samordne statlege styringssignal til kommunane, og gi råd og rettleiing til kommunar og andre i samsvar med oppdrag frå regjeringa og fagdepartement/direktoratet

Lenke til forventningsbrevet og vedlegget finn du under dokument oppe til høgre.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.