Statlege forventningar til kommunane 2022

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har, saman med andre regionale statsetatar, utarbeida eit forventningsbrev til kommunane for 2022. Dette er eit sentralt dokument i dialogen mellom regional stat og kommunane i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.09.2021

Føremålet er å leggje til rette for effektiv styringskommunikasjon, mellom anna ved å klargjere ansvaret til kommunane og det lokale handlingsrommet.

I brevet formidlar vi styringssignal gitt gjennom m.a. lovar, forskrifter, stortingsmeldingar og deira handsaming, rikspolitiske retningsliner, rundskriv, statsbudsjett, dei tilhøyrande tildelingsbreva til statsetatane og kommuneproposisjonen.

Forventningane er utforma enten som krav/pålegg (må/skal) eller prioriteringssignal. Dette skiljet er sentralt, for å gjere tydeleg det kommunale handlingsrommet. Krav/pålegg er derfor merka særskilt.

Forventningsbrevet erstattar ikkje den løpande kommunikasjonen mellom staten og kommunane, men er eit årleg forsøk på å gi betre oversikt, heilskap og samanheng på strategisk nivå. Ved eventuelle vesentlege endringar gjennom året vil kommunane bli særskild informerte.

Brevet er heller ikkje ei fullstendig oppgåveliste. Det sentrale er nye eller justerte krav til kommunane og høgt prioriterte oppgåver, statlege satsingar, jf. Òg konsultasjonsordninga, og dessutan område der det er ynskjeleg at resultata frå kommunane blir betre

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.