Forventningsbrevet 2021

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har, saman med andre regionale statsetatar, utarbeida eit forventningsbrev til kommunane for 2021. Dette er eit sentralt dokument i dialogen mellom regional stat og kommunane i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.09.2020

Formålet med forventningsbrevet er eit ønske om

  • effektiv styringskommunikasjon mellom staten og kommunane; både for å klargjere ansvarsdelinga mellom nivåa, medrekna ansvaret til kommunane, og det lokale handlingsrommet
  • å identifisere behov for samordning mellom sektorar i stat og kommune
  • dialog og læring mellom kommunane og regional stat

I brevet formidlar vi derfor styringssignal gitt gjennom m.a. lovar, forskrifter, stortingsmeldingar og behandlinga deira, rikspolitiske retningslinjer, rundskriv, statsbudsjettet, dei tilhøyrande tildelingsbreva til statsetatane og kommuneproposisjonen. Vi angir forventningane som krav (må/skal) eller prioriteringssignal (bør). Dette skiljet er sentralt, for å gjere tydeleg det kommunale handlingsrommet.

Forventningsbrevet erstattar ikkje den kontinuerlege kommunikasjonen til staten med kommunane, men er eit årleg forsøk på å gi betre oversikt, heilskap og samanheng på strategisk nivå. Ved eventuelle vesentlege endringar gjennom året vil kommunane bli særskild informert.

Brevet er ikkje ei fullstendig oppgåveliste. I fokus står særleg nye eller justerte krav og oppgåver til kommunane, statlege satsingar, jf. òg konsultasjonsordninga, og dessutan område der det er ønskeleg at resultata frå kommunane blir forbetra.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.