Rapportering på kompetanse- og innovasjonstilskot 2022

Kommunar og andre som har motteke tilskot frå kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot i 2022 skal rapportere til Statsforvaltaren. Frist for å rapportere er 15. februar 2023.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.01.2023

Utfylte rapportskjema skal sendast til sfvtpost@statsforvalteren.no merka med saksnummer 2022/9370.

I rapporteringa skal det nyttast tre ulike skjema (sjå boksen "Dokument").

  • Skjemaet Vedlegg 1 Måloppnåing (excel-ark): Eit delvis utfylt rapportskjema vart sendt til tilskotsmottakarane samstundes med svarbrevet om tilskot. Vi vil sende dette ut på nytt direkte til kontaktpersonane då vi erfarer at skjemaet vart konvertert til pdf i utsendingsprosessen. Vi viser elles til rapporteringsrettleiing, sjå i boksen «Dokument».
  • Skjemaet Vedlegg 2 Årsverksutvikling 2023-2024 (excel-ark): Sjå rettleiing i skjema
  • Skjema Vedlegg 3 Tekstleg rapport (word-dokument): Tekstleg rapportering på kompetansetilskot, tilskott til brukarstyrt personleg assistent og innovasjonsprosjekt

Merk òg at det er krav om revisorkontroll for tilskot som gjeld kompetanse, BPA og innovasjon i 2022, dersom summar for alle delane av tilskotet til saman overskrid 200 000 kroner.

Krav til revisorstadfesting gjeld ikkje for tilskotsbeløp mindre enn 200 000 kroner. Dersom innvilga tilskot er høgare enn 200 000 kroner per år, medan forbruket er lågare enn 200 000 kroner per år, kan det leverast revisorstadfesting for to år av gongen. For tilskotsbeløp under 200 000 kroner, ber vi om at utskrift av (prosjekt)rekneskapen for 2022 vert sendt saman med rapportskjema.

For tilskot som samla overstig 200 000 kroner

Rekneskapen skal reviderast av registrert revisor, statsautorisert revisor eller oppdragsansvarleg kommunerevisor (jf. § 11 i forskrift om revisjon i kommunar og fylkeskommunar) i samsvar med Standarden i den norske revisorforening ISA 805 «Særlige hensyn ved revisjon av enkeltstående regnskapsoppstillinger og spesifikke elementer, kontoer eller poster i en regnskapsoppstilling».

Statsforvaltaren er kjent med at revisorattest kanskje ikkje er klar på rapporteringstidspunktet i februar. Vi aksepterer at den vert sendt inn seinare, men likevel så snart som mogleg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.