Tilskot til å utvikle innovative og fleksible avlastningstiltak

Statsforvaltaren oppfordrar kommunane i Vestfold og Telemark til å søka om tilskot til å utvikla og testa ut nye, og meir fleksible modellar for avlastningstilbud for pårørande. Søknadsfrist er 25. juni 2021.

Publisert 02.06.2021

I samband med Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot var det sett av 357 000 kroner som skulle gå til å utvikle modellar for avlastning. Det vart dessverre gitt lite informasjon om denne moglegheita då vi lyste ut innovasjonstilskotet, og vi fekk difor ingen søknader.

Vi håper derfor at nokre kommunar melder interesse for å laga eit prosjekt for å prøva ut modellar for fleksible kommunale avlastningstilbud for pårørande. Søknader som handlar om prosjekt for å etablera differensierte og individuelt tilpassa avlastningstiltak for familiar med barn og unge med nedsett funksjonsevne vil særleg bli prioritert.

Det er ikkje krav til omfattande og detaljert søknad, det held med ein e-post med prosjektskisse og søknadsbeløp. Vi har sett ein kort søknadsfrist, 25. juni 2021.

Søknad sendast til sfvtpost@statsforvalteren.no merka med saksnr. 2021/1587.

Bakgrunn
Løyvinga er knytt til pårørandestrategien og handlingsplanen som vart lansert i desember 2020, les meir på Regjeringa.no.

Kommunane har òg gjennom ei eiga lovføresegn i helse- og omsorgstenestelova fått ei tydelegare plikt til å gjera ei sjølvstendig vurdering av behovet til pårørande og fatta vedtak om tiltak.

Den nye føresegnen pålegg kommunen å tilby nødvendig pårørandestøtte i form av avlastning, opplæring og rettleiing og omsorgsstønad. Lovføresegnen speglar den tilsvarande føresegnen i pasient- og brukarrettslova, og gjer tydeleg rettane til pårørande i møte med den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Rettleiaren for pårørandestøtte finn du i boksen "Dokumenter" i artikkelen.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.