Nasjonale minoritetar

To gutter engasjert rundt ipad. Kan illustrere teknologi, samvær, elever, skole, barn og så videre.

Alle barn, unge og familiar i barnehage og skule skal møtast som einskildindivid og einskildfamiliar uavhengig av sosial, etnisk og religiøs bakgrunn. Dei same prinsippa gjeld sjølvsagt òg i møte med våre fem nasjonale minoritetar.

Publisert 12.10.2022

Definisjonen på nasjonale minoritetar er grupper med langvarig tilknyting til landet, og i Norge gjeld dette fem folkegrupper: kvenar/norskfinnar, jødar, skogfinnar, romar og romanifolk/taterar. 

Statsforvaltaren skal syte for at barn i barnehagar og elevar, lærlingar og vaksne i grunnopplæringa, som tilhøyrer nasjonale minoritetar, får oppfylt rettane i samsvar med gjeldande lovar og forskrifter.

Barnehage

Barnehagelova og rammeplan for barnehagen er styrande dokument for innhaldet og oppgåvene som føregår i barnehagane. Både for einskiltbarn og for barnehagen er det berikande at ulik bakgrunn og mangfald nyttast som ein ressurs. Når det gjeld barn fra nasjonale minoritetar, er det relevant å framheve følgjande føresegner:

Barnehagelova:

  • § 1 Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering
  • § 2 Barnehagen skal ta omsyn til barna sin alder, funksjonsnivå, kjønn, sosiale, etniske og kulturelle bakgrunn

Rammeplan:

  • Barnehagen skal bruke mangfold som en ressurs i det pedagogiske arbeidet og støtte, styrke og følge opp barna ut fra deres egne kulturelle og individuelle forutsetninger
  • Barnehagen skal bidra til at alle barn kjenner seg sett og anerkjent for den dei er, og synleggjere den einskilte sin plass og verdi i fellesskapet

Opplæring

Skolen skal gje elevane historisk og kulturell innsikt og forankring, og bidra til at hver elev kan ivareta og utvikle sin identitet i et inkluderande og mangfoldig fellesskap. I overordna del 1.2 av læreplanverket står det eksplisitt at elevane skal ha kompetanse om våre nasjonale minoritetar. Vidare er det nokre føresegner i opplæringslova som er relevant å trekke fram:

Opplæringslova:

  • § 1-1 Opplæringa i skule og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring
  • § 9 A-2 og § 9 A-3 Alle elever har rett til et godt skulemiljø og at skulen har ansvar for å gripe inn dersom nokon blir utsett for mobbing, diskriminering eller rasisme

Språkopplæring

I barnehagen skal personalet mellom anna synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte barna sine ulike kulturelle uttrykk og identitet og fremma mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer jf. rammeplan kommunikasjon, språk og tekst.

Meir informasjon om våre fem nasjonale minoritetar, historie, språk og levesett finn du på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.