Statsforvaltaren rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.
Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.