Bruksstansen av "Pernup" står seg

Google StreetView

Før jul måtte alle bebuarane i leilegheitsbygget «Pernup» flytte ut som følge av pålegg frå kommunen. Tiltakshavar klaga over pålegget som gjaldt bebuarane i 3. etasje, men fekk ikkje medhald hos Statsforvalteren.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.04.2022

Det var vesentlege manglar ved branntryggleiken i bygget som gjorde at kommunen meinte det var naudsynt å stanse bruken av leilegheitsbygget omgåande. Opphavleg stansa kommunen bruken av bygget i sin helheit. Men etter klage frå fleire gjorde kommunen om på si avgjerd og opna opp for at bygget kunne brukast igjen med unntak av 3. etasje. Dette klaga tiltakshavaren over. 

 

Overhengande fare for tap av liv og helse

Fleire fagkunnige utarbeidde rapportar om branntryggleiken. Brannvesenet vurderte at summen av alle avvik utgjorde både ein overhengande fare for tap av liv og helse og unormalt store materielle konsekvensar.

 

Rapportane lista opp kva strakstiltak som måtte gjerast for å betre branntryggleiken. Tiltakshavar meinte at desse tiltaka kunne gjerast så raskt og enkelt at det ikkje var naudsynt å halde ved lag bruksstansen for byggets tredje etasje. Kommunen meinte på si side at det måtte reknast med ein viss tidsbruk for å få på plass strakstiltaka, og at faren var for stor og alvorleg til at kommunen kunne tillate bruk av bygget i mellomtida.

 

Hurtig sakshandsaming

Når bygningsmyndigheita ser grunn til å stanse bruk med akutt verknad, speglar det behovet for å handle raskt. Det set grenser for kor mykje bygningsmyndigheita kan greie ut om konsekvensane for akutt stans i bruken.

 

Tiltakshavar peikte på at kommunen ikkje hadde undersøkt ulempene ved bruksstansen godt nok. Det er Statsforvaltaren ikkje samd i. Kommunen viste forståing for bebuaranes behov for å flytte tilbake til heimane sine, men la avgjerande vekt på at tryggleiken måtte vere god nok først. Statsforvaltaren såg ikkje grunn til å kritisere kommunens avveging av dei mostridande omsyna. Ei heller er det etter vårt syn feil av kommunen å ikkje undersøke ulempene ved bruksstansen nærmare.

 

Framleis bruksstans

Etter opplysningar frå kommunen er det per i dag ikkje gjort nok tiltak for at tryggleiken i tredje etasje er tilfredsstillande. Pålegget om bruksstans gjeld difor framleis. 

 

Statsforvaltarens klageavgjerd kan du lese her.