Omsynet til setring gjev grunnlag for motsegn mot reguleringsplan

Kyr på Rondevegen
Kyr på Rondevegen Foto: Menno Hoekstra.

Statsforvaltaren har motsegn til reguleringsplan for Holslågrenda i Nord-Fron kommune fordi vi meiner forslaget til planen vil gjere det vanskeleg for seterdrifta i området. Utbygginga bryt også med ein nyleg vedteken arealdel til kommuneplanen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.09.2021

Planen gjeld eit område på nær 500 da i nærleiken av Skåbu i Nord-Fron. Det er allereie fleire hytter i området. I gjeldande kommuneplan er det lagt opp til meir utbygging i området. Reguleringsplanen som no har vore på høyring avvik frå kommuneplan som vart vedteke i 2018. Avviket frå kommuneplanen er at området som er foreslått regulert ligg lenger opp og nærare eit aktivt setermiljø enn det området som vart avklart gjennom kommuneplanen si arealdel.

Statsforvaltaren har motsegn til planforslaget, ut frå sannsynleg konflikt som utbygginga vil medføre for seterdrifta på Holslåsetrin, Innlandet har eit særskilt nasjonalt ansvar for å sikre setring som driftsform. Vi har og lagt vekt på at utbygginga vil ha negativ påverknad på landskapet ved at det ligg meir opent. Vidare at utbygginga bryt med nokså nyleg vedteken arealdel til kommuneplanen.