Nytt tilskott til investeringar i seterdrift
Landbruksdirektoratet har no lyst ut tilskott til investeringar i setrer med mjølkeproduksjon. Søknadsfristen er 1. juni 2026.
I denne utlysinga kan det søkast om tilskott til prosjekt som har som mål å sikre langsiktig mjølkeproduksjon på setrer. Det kan søkast om tilskott til investeringar i bygninger, infrastruktur og varig produksjonsutstyr. Ein kan få opptil 500 000 kroner i støtte pr. seter. Du finn meir informasjon på heimesida til Landbruksdirektoratet: Utlysning av tilskudd til investeringer i setrer med melkeproduksjon - Landbruksdirektoratet.
Frå før har det vore mogleg å søke tilskott til investeringar på setrer frå tilskottsordninga for spesielle miljøtiltak i jordbruket. Dette er framleis mogleg, men dei to ordningane kan ikkje kombinerast på same tiltak.
Seterdrifta har vore i nedgang i mange år, i takt med at talet på mjølkebønder går nedover. Dei siste åra har denne tilbakegangen flata meir ut, og reduksjonen i aktive setrer ligg langt under avgangen av mjølkeprodusentar. I perioden 2015-2020 vart det 18,3 % færre seterbrukarar i Innlandet, medan nedgangen var 8,5 % i perioden 2020-2025. Fleire bønder har starta opp med ny stølsdrift dei siste åra. Det var faktisk seks kommunar i Innlandet som hadde fleire setrer i drift i 2025 enn i 2020. Totalt vart det søkt om tilskott til seterdrift for 407 setrer i 2025.
Innlandet har om lag halvparten av alle setrer i drift i Noreg. Vi har dermed eit spesielt nasjonalt ansvar for å ta vare på den tradisjonelle seterdriften, som i 2024 kom inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.
Kontaktpersoner
-
Stig Horsberg
Tlf: 61 26 61 50 -
Jorunn Stubsjøen
Tlf: 62 55 12 06