Webinar om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

Dato:
6. desember 2023 09:30 - 11:00
Stad:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Innlandet
Målgruppe:
Tilsette i kommunal landbruksforvaltning som jobbar med saksbehandling og godkjenning
Påmeldingsfrist:
4. desember 2023 23:59
Det er stadig noko nytt å lære i denne tilskotsordninga! Denne gongen vil vi dele det vi har funne i forvaltningskontrollane, og vi vil dele noko av det vi blir spurt om gjennom året.
Publisert 15.11.2023
Gjennom årets forvaltningskontrollar har vi funne både avvik og merknader. Målet med forvaltningskontrollane er nettopp at vi skal lære og bli betre, og vi tenker at det er nyttig for alle kommunane i Innlandet å høyre om kva vi har funne. Dette blir det eine hovudtemaet på webinaret.
 
Vi får dessutan ein del spørsmål gjennom året, som vi også tenker det er nyttig å dele med alle som arbeider med denne tilskotsordninga. Dette blir det andre hovudtemaet på webinaret.
 
Det er også set av tid til spørsmål i ein open post.Målgruppe for webinaret er tilsette i kommunane som jobbar med saksbehandling og godkjenning i ordninga.

Påmeldingsfrist er måndag 4. desember. Alle påmeldte får tilsend lenke til webinaret via e-post når søknadsfristen er ute.

Dato:
6. desember 2023 09:30 - 11:00
Stad:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Innlandet
Målgruppe:
Tilsette i kommunal landbruksforvaltning som jobbar med saksbehandling og godkjenning
Påmeldingsfrist:
4. desember 2023 23:59