Webinar om næringsutvikling i landbruket: Kompetanse om kompetanse

Dato:
22. november 2023 09:30 - 11:00
Stad:
Digitalt på Teams
Arrangør:
Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren
Målgruppe:
Tilsett i kommunal landbruksforvaltning
Påmeldingsfrist:
20. november 2023 23:59

For å skape ein arena saman med kommunane der vi kan dele erfaringar frå arbeid med næringsutvikling i landbruket, inviterer vi til webinar 22. november. Hovudtema denne gongen blir kompetanse om kompetansetilbod.

Publisert 08.11.2023

Vi får ein presentasjon både av vaksenagronom og om studietilbod innan landbruk som Fagskolen Innlandet kan tilby. For alle oss i forvaltninga som møter bønder er det viktig at vi kjenner til desse tilboda og kan formidle kva som finst. Kommunane er det viktigaste forvaltningsnivået i så måte sidan dei er førsteline. Kompetansetilbodet kan vere interessant for alle bønder, og kanskje spesielt interessant for nye bønder. 

I programmet er det i tillegg ein open post der kommunane kan kome med korte orienteringar og ta opp spørsmål og problemstillingar. Vi oppmodar kommunane til å nytte dette høvet! 

Mange kommunar jobbar med næringsutvikling i landbruket, og vi meiner det er både nyttig, inspirerande og interessant å høyre og dele kva som skjer rundt i fylket vårt. Dette er bakgrunnen for at Statsforvaltaren saman med fylkeskommunen og Innovasjon Norge arrangerer tre webinar i 2023 med temaet næringsutvikling i landbruket. Tidlegare har vi hatt webinar 3. mai om bondens nettverk/beredskap og 6. september om biogass. 

Frist for å melde seg på er måndag 20. november.

Alle påmeldte får tilsend lenke til Teamsmøte på e-post.

Vel møtt!

Dato:
22. november 2023 09:30 - 11:00
Stad:
Digitalt på Teams
Arrangør:
Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren
Målgruppe:
Tilsett i kommunal landbruksforvaltning
Påmeldingsfrist:
20. november 2023 23:59