Vedtak om fastsetjing av kommunegrensa mellom Øystre Slidre og Vang

Kommunevåpen for Øystre Slidre og Vang.

Statsforvaltaren har i vedtak den 14. februar fastsett ei strekning av kommunegrensa mellom Øystre Slidre og Vang.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.02.2023

– Denne grensa har vore omstridd i lang tid, og vi meiner det er viktig for alle partar at grensa no blir fastsett, seier kommunaldirektør hos Statsforvaltaren Anne Kathrine Fossum.

Statsforvaltaren skal i fastsetjingssaker avgjere kvar grensa reint faktisk går, ikkje kvar ho bør liggje. I denne saka må ein langt tilbake i tid for å finne opphavet til grensa.

I ein kongeleg resolusjon av 1881 blei eigedomar i området overført frå Vang til Øystre Slidre. Dei to kommunane har hatt kvart sitt syn på om overføringa av eigedom omfatta to teigar sør og vest for elva Rauddøla.

Statsforvaltaren legg til grunn at kommunegrensa slik den er teikna i historiske kart frå 1891, følgjer opp den kongelege resolusjonen frå 1881 og tolkast som den rettsleg gjeldande grensa. Kartgrunnlaget er gammalt og grensa må derfor tilpassast dagens eigedomsgrenser.

Kommunegrensa for det aktuelle området er dermed fastsett til å følgje eigedomsgrensene til dei aktuelle teigane sør og vest for elva Rauddøla. Kommunegrensa skal følgje eigedomsgrensene som blir klarlagt gjennom ei ny oppmåling. Den nye kommunegrensa trer i kraft frå 1. juli 2024. Kommunane må gjennomføre oppmålinga slik at grensene er nøyaktige og klarlagde i tide til tidspunktet for at grensa trer i kraft.

Les heile vedtaket i dokumentet som er lagt ved.