Høyring av forslag for tre naturreservat – frist er 19. juni

To område ligg i Åmli og eitt i Froland og Birkenes.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.04.2015

Føremålet med høyringa er å kaste lys over moglege konfliktar knytt til interesser som vernet kan få innverknad på i det forslaget som ligg føre.

Eikelidalen naturreservat i Åmli dekkjer eit areal på ca. 1950 dekar. Føremålet med vernet er å bevare ein velutforma konsentrasjon av gammal fattig eikeskog med kjerneverdiar knytt til hule trær og grove læger.

Stuvåna naturreservat i Åmli dekkjer eit totalareal på ca. 460 dekar. Føremålet med vernet er å ta vare på eit område med lågareliggjande, eldre produktiv barskog med spesielt grove furu- og grantrær. Området har fleire store fuktige bergveggar og førekomstar av liggjande og ståande død ved.

Langebergheia-Mannfallnuten naturreservat i Birkenes og Froland kommunar dekkjer eit totalareal på ca. 3307 dekar. Føremålet med vernet er å ta vare på eit område med fleire regionalt viktige skogtypar. Gammal eikeblandingsskog med høgt innslag av gamle eiketrær, gammal furuskog og større førekomstar av barlind og osp.

Du kan sende uttaler / innspel på e-post til: fmaapost@fylkesmannen.no , eller i posten til: Fylkesmannen i Aust-Agder, miljøvernavdelinga, Postboks 788, 4809 Arendal.

Saksbehandlar er Arnstein Knutsen Engemyr, tlf. 37 01 75 88, e-post fmaaaek@fylkesmannen.no