Nytt i forvaltning av produksjonstilskot

Viktigaste endringar i rundskriv og fagsystem 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.10.2020

Dyrevelferdssakene

Der Mattilsynet har konstantert alvorlege brot på dyrevelferdsregelverket skal kommunen vurdera om den aktuelle produksjonen kan reknast som vanleg jordbruksproduksjon. Dette betyr at kommunen skal vurdera å ta bort tilskotet til dei aktuelle dyra i staden for å gi avkorting etter regelverksbrot som tidlegare. Sjå rundskriv 2020-28 pkt. 2.3 og rundskriv 2020-29 pkt. 9.5. Avtalen om informasjonsutveksling med Mattilsynet er oppdatert i år.

Inngrep som forringar kulturlandskapet

Er eit inngrep brot på anna regelverk for jordbruksproduksjon, kan kommunen vurdera avkorting for regelverksbrot. Andre inngrep som forringar kulturlandsskapet, som kommunen ikkje har godkjent, kan vera brot på vilkår for areal- og kulturlandskapstilskot. Kommunen skal då vurdera om søkjar har rett på AK-tilskotet. Sjå rundskriv 2020-28, pkt. 4.7.

Kontrollplan

Kommunen skal utarbeida skriftleg kontrollplan. Planen skal lagast før søknadsomgangen startar og vera styrande for utplukket til risikobasert kontroll. Landbruksdirektoratet har no sett opp ein mal for kontrollplan med tre hovudpunkt, sjå rundskriv 2020-29, pkt. 5.2.:

  • Kva delar av produksjons- og avløysartilskotet har størst generell risiko i kommunen?
  • Risikoindikatorar ved søknadane.
  • Mistanke eller tips om feil hjå konkrete føretak.

Endringar i fagsystemet

Sjå rundskriv 2020-29.

Landbruksdirektoratet har gjort endringar i fagsystemet eStil PT. Kommunen får no ikkje opp informasjonsmeldingar i søknadane. Sjå pkt. 4.1.

I staden for meldingar om låg avdrått på sau har det no kome ein rapport med slaktedata til hjelp i vurderinga om vanleg jordbruksproduksjon. Sjå informasjon om rapporten i pkt. 8.3.

Saksbehandlar må vurdera varselmeldingar skriftleg. Sjå pkt. 4.2.

Det interne kommentarfeltet til saksbehandlar er flytta frå seksjon "Kommentar/Dialog" til seksjon "Behandling". Merk at desse interne kommentarane blir lagt som eit eige dokument i PDF-versjon i seksjon «Dokumentasjon» og blir sendt til kommunen sitt arkiv. Kommunen må vurdera om noko her skal unntakast offentlegheit. Sjå pkt. 6.16 og 16.17.2.

Elles er der lagt opp til meir saksbehandlarstøtte og mindre klikking og scrolling.

Nettlesaren Internett Explorer er på veg ut, og feil som denne forårsaker blir ikkje retta. Bruk ein annan nettlesar (t.d. Microsoft Edge, Google chrome eller Firefox) når du arbeider i eStil.