Dreneringsmidlar 2019–2024

Kjelde: Agros, Landbruksdirektoratet. Foto: Statsforvaltaren i Agder.

Fram til 2023 vart ikkje dei statlege dreneringsmidlane brukt opp. I 2024 er det knapt med midlar.

Sist endra 12.04.2024

I ein del år fekk me overføra midlar til neste år. Årsskiftet 2023/2024 trekte Landbruksdirektoratet udisponerte midlar tilbake til LUF, ca. kr 935 000 kr. 

For 2024 meldte Statsforvaltaren i Agder inn til Landbruksdirektoratet eit behov på 6,5 mill. kr og fekk tildelt 2,5 mill. kr. Seinare auka avtalepartane ramma, og Agder fekk 1,8 mill. kr ekstra. Fylkesramma til Agder er no så godt som tom, men nokre kommunar har midlar att.

Oversyn over tildelingar, disponible midlar og tilsegn i Agder 2019–2024 (XLSX)

Avtalepartane dobla satsen frå 1. juli 2023. Me ser at auka sats og fylkeskommunale tilskot (i 2020 og 2023) har hatt stor innverknad på forbruk av midlar.

Det er partane i jordbruksforhandlingane som tek stilling til løyving til drenering, inkludert eventuelle endringar i årets ramme for dreneringstilskot. Det er bestemt at ramma for 2024 ikkje skal aukast meir.

Brev frå Landbruksdirektoratet til Statsforvaltarane 25.03.2024 om auka ramme.