Krav om gjødseljournal frå 2026

Nytt gjødselregelverk stiller krav til journal med dokumentasjon på bruk, mottak og bortskaffing av gjødsel.

Publisert 20.04.2026

Forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv., som kom i fjor, stiller krav til journalføring. Sjå § 27. Det er ikkje krav til noko bestemt form eller verktøy, men til innhald i journalen.

Journalane skal vera klare til 1. november, men det er sjølvsagt viktig å registrera gjødsling etter kvart no frå våronna av. Journalane skal oppbevarast i 5 år. 

Gjødseljournal

Alle som brukar gjødselvare skal føra gjødseljournal som gir oversyn over:

  • kva type og mengde gjødselvare det er gjødsla med, på kva areal og på kva tidspunkt
  • kva mengder av fosfor og nitrogen som er tilført det enkelte arealet
  • kva mengder fosfor og nitrogen som totalt er tilført

Journal over mottak av gjødselvare

Den som tek imot gjødselvare med meir enn 75 kg fosfor det enkelte år for lagring eller bruk skal dokumentera type og mengde, mengde totalfosfor, dato for mottakinga og frå kven gjødsla kjem. Den som tek imot gjødselvare med avløpsslam må i tillegg dokumentera innhald av plantetilgjengeleg fosfor.

Journal over bortskaffing av gjødselvare

Den som bortskaffar (leverer) til andre organisk gjødselvare med meir enn 75 kg fosfor det enkelte år, skal dokumentera type og mengde, mengde totalfosfor, dato for leveransen og til kven det er levert.