Tiltak for å heve kompetansen om lindrande behandling og omsorg ved livets slutt

Tilskotet skal mellom anna styrka kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg. Søknadsfrist er 1. mars 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.02.2021

Tilskotet skal bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om tiltak for å heve kompetansen og bidra til at pårørande blir tatt vare på.

Kommunar som søkjer må senda søknadsskjema til Statsforvalteren i Vestfold og Telemark som vedlegg til e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no.


Tilskotet blir forvalta i samarbeid mellom Regional kompetanseteneste for lindrande behandling og Statsforvalteren i Vestfold og Telemark. Søknadene vert behandla innan 30. april 2021.

For meir informasjon om ordninga, søknadsskjema og regelverk, sjå lenke til informasjon frå Statsforvalteren i Vestfold og Telemark på høgre side.

Kontaktpersonar

Målgruppe

Direkte målgruppe er helsepersonell som er tilsette i kommunane. Indirekte målgruppe er pasientar som har behov for lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet uavhengig av diagnose, og dessutan deira pårørande

Ansvarlig:

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Hvem kan søke:

Kommunar i Agder og i Vestfold og Telemark

Rapporteringsfrist:

1. mars 2022 23.00