Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Kommunal fornying

Noreg har ein offentleg sektor som sikrar velferd, omsorg, helse og utdanning, og som skal gi alle innbyggjarane gode tenester, valfridom og medbestemming. Fornying av offentleg sektor skal ha som mål å oppnå meir velferd og mindre administrasjon, meir lokal fridom og mindre detaljstyring.

Statsforvaltaren skal stimulere til lokal omstilling og fornying i kommunesektoren. Dette arbeidet må sjåast i samanheng med arbeidet knytt til rettleiing, samordning og tildeling av skjønnsmidlar.

Prosjektskjønn er ein integrert søknads- og rapporteringsportal som blir brukt av kommunar, tilsette hos Statsforvaltaren og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Løysinga forenklar handtering av søknader og rapportering på bruk av skjønnsmidlar til fornying og innovasjon i offentleg sektor. 

Publikum og media har tilgang til ein nettstad som gir innsyn i tildelte midlar, omtale av prosjekt og innsende rapportar

 

Vis meir


02.02.2021

Ny rapport: Omfattende kommunesamarbeid i Trøndelag

Det er færre samarbeidsordninger i trønderske kommuner enn før fylkessammenslåingen. Men trønderske kommuner har likevel et mer omfangsrikt og velutviklet samarbeid enn mange andre fylker. Det viser en ny rapport utført av NIVI Analyse på oppdrag fra Statsforvalteren i Trøndelag.