Trus- og livssynssamfunn kan kreve tilskot frå staten. Etter den nye trussamfunnslova må samfunnet ha minst 50 tilskotsteljande medlemmer for å kunne få tilskot. Alle nye trus- og livssynssamfunn må dessutan vere registrerte etter den nye trussamfunnslova paragraf 4 før dei kan få tilskot. For samfunn som er registrerte eller alt har fått tilskot, gjeld overgangsreglane i den nye lova. Desse samfunna blir rekna for å vere registrerte etter den nye lova i to år frå og med 1. januar 2021, og vil kunne få tilskot i overgangsperioden viss dei har 50 tilskotsteljande medlemmer.
9. april er endeleg frist for å krevje tilskot for inneverande år.
Trus- og livssynssamfunna skal bruke den nye digitale løysinga til å sende inn registreringssøknader, tilskotskrav, årsrapportar, rekneskap og søknader om godkjenning av vigslar.
Kva skal den digitale løysinga brukast til?
Trus- og livssynssamfunna kan i hovudsak utføre desse handlingane i løysinga:
- Søkje om rolletilgang. Når Statsforvaltaren har godkjent søknaden, kan personen som har fått rolletilgang, godkjenne andre i trus- eller livssynssamfunnet som også treng tilgang.
- Søkje om registrering som trus- eller livssynssamfunn.
- Krevje tilskot og laste opp medlemsliste. Medlemslista må vere i XLSX-format (Excel) eller i CSV-format.
- Fylle ut årsrapporten på eige skjema.
- Laste opp rekneskap som er underteikna av styreleiar eller ein annan person som representerer trus- eller livssynssamfunnet. Rekneskapen skal innehalde ein spesifisert oversikt over trus- eller livssynssamfunnets inntekter og utgifter, og vise kva samfunnet har brukt tilskotet til. Samfunn som fekk meir enn 300 000 kroner i tilskot i fjor, skal dessutan laste opp revisormelding. Dersom samfunnet fekk bidrag frå utlandet, kan det ha plikt til å opplyse om dette i ein note til rekneskapen. Sjå meir informasjon om bidrag frå utlandet.
- Søkje om godkjenning av nye vigslarar, altså personar som skal ha rett til å stå for vigsel. Vigslar må på førehand ha fylt ut og underteikna skjemaet Erklæring frå den som skal vere vigslar i eit trus- eller livssynssamfunn. Du lastar opp denne erklæringa som eit vedlegg til søknaden.
- Søkje om dispensasjon frå alderskravet til vigslar (alderskravet er frå 23 år til 75 år).
- Melde frå om at vigslar ikkje lenger skal ha vigslerett.
- Melde frå om at ein person ikkje lenger skal ha rolletilgang til løysinga.
Korleis søkje om brukartilgang?
Alle trus- og livssynssamfunn må så raskt som råd søkje om rolletilgang i den digitale løysinga. Trus- eller livssynssamfunn må ha eit organisasjonsnummer frå Einheitsregisteret (Brønnøysundregistra) før nokon i samfunnet kan starte pålogginga og søkje om brukartilgang.
For å få tilgang til løysinga må ein person som representerer trus- eller livssynssamfunnet, søkje om å få godkjent ein eigen tilgang. Den enklaste måten er at vedkommande som søkjer, er registrert i Einheitsregisteret, dette kan vere styreleiar, dagleg leiar eller liknande. Dersom eit anna medlem skal søkje om tilgang, må vedkommande ha fullmakt. Det er lenke til fullmaktsskjemaet inne i den digitale løysinga. Fullmakta må fyllast ut og underteiknast av styreleiar eller tilsvarande leiar i trus- eller livssynssamfunnet.
Når én person har fått rolletilgang, kan vedkommande som har vorte godkjend, sjølv godkjenne andre i samfunnet som også treng brukartilgang til løysinga. Vi tilrår at fleire i samfunnet har brukartilgang, i tilfelle sjukdom eller fråvær.
Ny ordning hos statsforvaltarane
Tidlegare behandla alle embeta saker om registrering og tilskot til trus- og livssynssamfunn. Frå og med januar 2021 skal berre to instansar behandle sakene. Det er adressa som samfunnet står oppført med i Einheitsregisteret (Brønnøysundregistra), som avgjer kvar saka blir behandla. Statsforvaltaren i Oslo og Viken behandlar alle saker som gjeld samfunn i Oslo og Viken. Samfunna med adresse utanfor Oslo og Viken høyrer inn under Statsforvaltaren i Agder.