Kommunalt rusarbeid - ny innretning

Søknadsfrist:
1. mars 2024 23:59
Målgruppe:
Personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Kven kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. mars 2024 23:59

Statsforvaltaren lyser no ut tilskot til kommunalt rusarbeid. Tilskotet skal styrke tilboda innan førebygging, tidleg intervensjon, behandling og oppfølging.  

Publisert 25.10.2023

Bakgrunn for tilskotsordninga

Målet for tilskotsordninga er å bidra til betra livskvalitet, meistring og moglegheit for ein aktiv og meiningsfullt tilvære for personar med rusmiddelrelaterte problem og pårørande deira, gjennom å styrkja tilbod innan førebygging, tidleg intervensjon, behandling og oppfølging.

Styrkja brukar- og pårørandemedverknad

For å støtta opp under måla på rusfeltet må brukarar og pårørande ha ei framståande rolle i arbeidet og i utviklinga for å sikra tilbod som varetek behova deira på ein god måte. Det trengst eit systematisk samarbeid mellom sektorar og mellom offentlege tenester og frivillige/ideelle organisasjonar.
Det må skapast berekraftige strukturar og tenester som bidreg til å førebyggja rusmiddelproblem, og som sikrar gode tenester i tida framover.

Derfor skal tilbod det givast tilskot til blir utvikla og blir evaluert saman med brukarar og pårørande. Ved tildeling av midlar blir prioritert tilbod som dokumenterer høg grad av brukarmedverknad og samarbeid med brukar- og pårørandeorganisasjonar, andre frivillige/ideelle aktørar og/eller offentlege tenester.

Små kommunar blir oppmoda til å vurdera interkommunalt samarbeid om utvikling av tilbod.

Kommunen kan ved samarbeid med andre aktørar om tilbodet, søkja om tilskot til å dekkja utgifter for desse.

Etablera oppsøkjande verksemd - særleg retta mot barn og unge

Det er også eit prioritert formål å stimulera kommunane til å etablera oppsøkjande arbeid, særleg retta mot barn og unge. Derfor styrkte regjeringa ordninga med 20 mill. kroner i 2023. Dette sest i samanheng med den kommande førebyggings- og behandlingsreforma på rusfeltet. Formålet er å førebyggja psykiske helseproblem og avgrensa skadane som rusmiddelbruk kan medføra gjennom tidleg identifisering og intervensjon, tilvising til behandlings- og oppfølgingstilbod og gjennom auka nærvær i ungdomsmiljø. Oppsøkjande team/utekontaktar bør vera tverrsektorielle og fleirfaglege, eksempelvis med medarbeidarar både frå helsetenesta og sosialtenesta.

Søkar skal nytte statsforvaltarens digitale søknads- og rapporteringsløysing: https://skjema.no/SF/rusarbeidnyttregelverk

Søknadsfrist:
1. mars 2024 23:59
Målgruppe:
Personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Kven kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. mars 2024 23:59

Kontaktpersonar

Lenkjer