Kommunalt rusarbeid i ny drakt

Søknadsfrist:
15. september 2022
Målgruppe:
personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
Kommuanne i Møre og omsdal
Rapporteringsfrist:
1. februar 2023

Statsforvaltaren lyser no ut tilskot til kommunalt rusarbeid med heilt ny innretning i 2022. Tilskotet skal styrke tilboda innan førebygging, tidleg intervensjon, behandling og oppfølging.  

 

Publisert 12.05.2022

Målet med tilskotet er å bidra til auka livskvalitet, meistring og mogelegheit for eit aktivt og meiningsfylt liv for personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande.

Ved tildeling av midlar vert tilbod som legg til rette for brukar- og pårørandemedverknad, bli prioritert.

Små kommunar vert oppmoda om å vurdere interkommunalt samarbeid om utvikling av tilbod. Om ein skal samarbeid med andre aktørar, kan kommunen søkje om tilskot til å dekkje utgiftane for dei. 

Kommunar som i 2022 har fått tilskot til kommunalt rusarbeid gjennom overgangsordninga, kan i tillegg søkje om tilskot til nye tilbod etter den nye innrettinga på tilskotsordninga.

Les meir om bakgrunn for tilskotsordninga på nettsida til Helsedirektoratet. Der finn det og elektonisk søknadsskjema.

Sidan tilskotsordninga har fått ny innretning frå i år er det viktig at de gjer dykk godt kjende med det nye regelverket før de skriv søknaden. Regelverket ligg i høgremenyennder.

Søknadsfrist er 15. september 2022.

Spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjemaet kan rettast til: hjelp@statsforvalteren.no

Søknadsfrist:
15. september 2022
Målgruppe:
personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
Kommuanne i Møre og omsdal
Rapporteringsfrist:
1. februar 2023