Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Tilbod til barn og unge med behov for langvarig/samansett oppfølging

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
12. mars 2021
Målgruppe:
Barn og unge med behov for langvarig/samansett oppfølging
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
Kommunar og Helseføretaket i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. februar 2022

Tilkot til tiltak for barn og unge med behov for oppfølging frå rus- og/eller psykisk helse i 2021 er no kunngjort.

Publisert 09.02.2021

Mål for ordninga:

Ordninga er meint å styrke tilbodet til barn og unge som har behov for langvarig/samansett oppfølging. Tilskotet skal stimulere til heilskaplege tenester og forpliktande samhandling mellom ulike nivå og sektorar, mellom kommunale tenester og i interkommunalt samarbeid.

Målgruppe

Barn og unge med psykiske problem og /eller rusrelaterte problem som treng utredning, behandling og oppfølging, og dei som lever med høg risiko for å utvikle alvorleg funksjonsnedsetting, og familiane deira.

Prioriterte tiltak:

1) delfinansiering av etablering og drift av tverrfagleg oppsøkande behandlings- og oppfølgingsteam for barn og unge etter modell av FACT-ung

 2) etablering og utvikling av kunnskapsbaserte metodar, modellar og tiltak i lokale lågterskeltilbod til dømes etter modell Ung Arena eller anna modellutprøving for tilgjengelege og heilskaplege lågterskeltilbod.

 

Søkarar kan velje å utvikle interkommunale tiltak eller tiltak i samarbeid med Helseføretaket. Viss kommune og Helseføretak søker i lag, skal ein av dei stå som hovudsøkar. Søknaden utarbeidast i fellesskap mellom dei kommunane som er med i prosjektet og Helseføretaket. Søknaden skal skrivast under av begge partane. Det er forventa at ein samarbeidsavtale ligg ved søknaden.

Vi oppmodar søkarar om å sette seg godt inn i regelverket for at søknaden skal vere best mogleg retta inn mot tilskotsordninga.

Søknadsfrist er 12.mars 2021, og søknad sendes til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
12. mars 2021
Målgruppe:
Barn og unge med behov for langvarig/samansett oppfølging
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
Kommunar og Helseføretaket i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. februar 2022