Ser nærare på bruken av Naudvarsel

I samband med uvêret «Hans», vart Naudvarsel sendt ut i utvalde område i seks politidistrikt. Nokre personar vart varsla fleire gonger, og også på stader der varsla ikkje skulle bli sendt. Dette ser politiet og DSB nærare på.

Publisert 11.08.2023

Det var statsforvaltarane i særleg råka fylker som bad politiet om å sende ut varsel i samband med uvêret. Naudvarsla vart sendt ut i dei ulike politidistrikta til valde område med tekst utarbeida av dei ulike statsforvaltarane.

Skal ikkje vere støy

– Naudvarsel er eit nytt og godt system for å varsle befolkninga. Det er viktig at naudvarsla ikkje vert støy eller unødvendige. Derfor vil vi i politiet gå gjennom rutinane våre og sjå om det er noko vi kunne gjort annleis i samband med varsla denne veka, seier fungerande politidirektør Håkon Schjeldrup.

Les meir om kva politiet og DSB nå vil sjå på etter hendinga i denne pressemeldinga:
Bruk av Nødvarsel gjennomgås | Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (dsb.no)

Les meir om foreløpige funn i denne saka: Derfor fikk noen nødvarsel mange ganger | Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (dsb.no)

Haustar erfaringar

– Naudvarsel er framleis nytt. Både politiet, som står for den operative bruken av systemet, og vi i DSB, som er ansvarlege for den tekniske løysninga, haustar no nyttige erfaringar frå bruk som vi vil ta med oss i det vidare arbeidet, seier direktør i DSB, Elisabeth Aarsæther.

For meir informasjon om naudvarsel sjå www.nodvarsel.no.

Kontaktpersonar

Om Naudvarsel

Norge har på svært kort tid fått på plass eit nytt verktøy for å varsle befolkninga på mobilen. Naudvarsel når raskt ut til befolkninga med viktig informasjon som kan spare liv og helse ved akutte og alvorlege hendingar.