Naudvarsel på mobil – eit nytt varslingssystem

Naudvarsel på mobil er eit nytt varslingssystem frå myndigheitene. Politiet og/eller Sivilforsvaret avgjer i kva område folk skal få varsel, og sender ut sjølve varselet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.02.2023

Når vert naudvarsel nytta?

Naudvarsel skal varsle folk i Noreg om akutte og alvorlege hendingar som trugar liv og helse. Eit naudvarsel inneheld informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere. Les meir om naudvarsel på mobil på www.nodvarsel.no.

 

Opptak frå lansering og demonstrasjon av naudvarsel på mobil

Sjå opptak frå Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet sin lansering og demonstrasjon av naudvarsel på mobil.