Når krisa treff – kven hjelper deg, og kven hjelper du?
Vi opplever meir ekstremvêr og uventa hendingar som stiller oss overfor nye utfordringar. Eigenberedskap er ikkje lenger noko vi kan ha – det er noko vi må ha.
Denne månaden vart store deler av landet ramma av ekstremvêret «Amy». Ho gav betydelege materielle skadar. Heldigvis unngjekk vi alvorlege personskadar. Rundt 100 000 husstandar mista straumen. Mange fekk kjenne på korleis det er å vere utan straum i fleire dagar, og erfarte at eigenberedskap er nødvendig.
Eigenberedskapsveka – eit felles løft for tryggleik
Måndag 27. oktober starta Eigenberedskapsveka. Denne nasjonale kampanjeveka handlar om at du skal førebu deg, slik at du og dine næraste kan klare dykk sjølv i ei heil veke om straum, vatn og mobil- eller internett skulle falle ut.
Gjennom foredrag, informasjon og lokale arrangement blir det sett lys på korleis du bør vere budd – og korleis du kan bli ein ressurs for andre i krise. No har du ei gyllen anledning til å ta grep, bli kjent med råd og ikkje minst til å finne ut kven som er din beredskapsvenn.
Finn din beredskapsvenn!
For: Kven hjelper deg, og kven hjelper du når krisa treff? Kva behov har du, og kva kan du bidra med?
Ein beredskapsvenn kan vere ein nabo, eit familiemedlem, eller ein venn. De kan gjere ein avtale om at de skal støtte kvarandre i krisesituasjonar. De kan gjerne leggje ein plan for korleis de kan dele ressursar og bruke kvarandre sine eigenskapar.
Eigenberedskap hjelper alle
God eigenberedskap i norske heimar bidreg ikkje berre til at vi som enkeltpersonar er meir robuste i møte med kriser. Eigenberedskapen gjer at naudetatar og myndigheiter får rom til å hjelpe dei som verkeleg treng det: eldre, personar med helseutfordringar, dei med spesielle omsorgsbehov og andre utsette grupper. Når ressursane kan bli brukt der behovet er størst, blir belastinga på offentlege system i krise redusert.
Enkle tiltak gjer ein stor forskjell
Du treng ikkje utstyrsnivået til ein overlevingsekspert for å bidra, men eit lite lager med vatn og mat. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler 20 liter vatn per person for ei veke. Tenk over korleis du kan halde deg varm utan straum, til dømes ved å ha klede, tepper og reservevarme. Ha grunnleggande lys- og kommunikasjonsmidlar; lommelykt, stearinlys, radio og mobil med batteribank.
Eigne råd til verksemder
Regjeringa si totalberedskapsmelding understrekar at eigenberedskap er viktig i det sivile samfunnet for å styrke motstandskrafta. Eigenberedskapen bør vere på plass hos den enkelte innbyggar, i lokalmiljø og i verksemder.
DSB har kome med nye eigenberedskapsråd til næringslivet. Dei ønsker å styrke beredskapen hos verksemder og offentlege etatar.
Verksemder bør kartlegge kva som er mest kritisk for drifta, vurdere kva konsekvensar eit avbrot vil ha, og ha oversikt over kva verksemda er avhengig av for å halde drifta i gang ved ulike hendingar.
Samfunnets motstandsevne
Eigenberedskap har utvikla seg frå å vere eit beredskapslager, til også å vere ein sentral del av samfunnet sin samla evne til å stå imot kriser og uføresette hendingar. I dag er eigenberedskap ei haldning, ei forståing og ei praktisk tilnærming til tryggleik og robustheit.
Når enkeltpersonar, lokalsamfunn og verksemder tek ansvar for eiga beredskap, bygger vi motstandskraft i lag. Slik blir samfunnet betre rusta til å handtere alt frå ekstremvêr til større nasjonale kriser.