I 2026 styrker vi Noregs totalforsvar
Berebjelken i det norske totalforsvaret er ikkje Forsvaret aleine. Det er deg og meg, næringslivet vårt og kommunane.
Kronikk av statsforvaltar Else-May Botten og fylkesberedskapssjef Gunnhild Anett Naas.
Totalforsvarsåret 2026 er Noregs svar på den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig. I år skal vi øve, planleggje, informere og samarbeide på tvers av alle samfunnssektorar for å bygge motstandskraft i lag.
Større motstandskraft
Totalforsvaret er samarbeidet mellom det militære forsvaret og det sivile samfunnet. I kriser og krig er Forsvaret heilt avhengig av at sivile tenester fungerer. Kommunar, næringsliv og frivillig sektor må halde samfunnet i gang – og støtte Forsvaret når det trengst. Totalforsvarsåret 2026 skal gjere denne heilskapen tydeleg og konkret. Vi skal alle sjå at vi har eit ansvar.
Statsforvaltaren er bindeleddet mellom sentrale og lokale styresmakter. Vi samordnar sivil beredskap, og skal støtte Forsvaret med sivile ressursar i ein krigssituasjon. I fredstid rettleiar og oppfordrar vi kommunane til å ha beredskapsråd, oppdaterte planverk, øvingar og til å lage risiko- og sårbarheitsanalysar. Saman med aktørane i fylkesberedskapsrådet bygger vi regional motstandskraft.
Eit alvorleg trusselbilde
Dei nye trussel- og risikovurderingar frå Politiets tryggingsteneste (PST), Etterretningstenesta og Nasjonal tryggingsmyndigheit (NSM) viser eit alvorleg og samansett trusselbilete. Truslane rettar seg direkte mot verksemder, kommunar og befolkninga – og det er avgjerande at vi alle kjenner til dette.
Statlege trusselaktørar brukar ei brei verktøykasse: digitale angrep, rekruttering av personar med tilgang til sensitiv informasjon, påverknadsoperasjonar, ulovlege teknologianskaffingar og økonomiske verkemiddel som kan få tryggingsmessige konsekvensar. Aktørane kan påverke, utnytte eller skade norske interesser.
Russland er den mest alvorlege statlege trusselaktøren, med auka etterretningsaktivitet, risiko for sabotasje mot infrastruktur og målretta påverknad. Situasjonen er krevjande både for offentleg og privat sektor.
Cyberåtak er den mest sannsynlege trusselen mot norske verksemder. Mange manglar framleis robuste tryggingsstyringssystem og oppdaterte beredskapsplanar. Dette svekkjer totalforsvaret. Vi må jobbe systematisk for å få system og planar på plass, slik at funksjonar og samfunnsverdiar blir verna i denne tida kor trusselbildet stadig er i endring.
Næringslivet må med
Norske verksemder eig og driv store delar av den kritiske infrastrukturen vi er avhengige av; energi, transport, IKT, forsyningar og logistikk. Dermed er næringslivet ikkje berre ein samarbeidspartnar, men ei berebjelke i totalforsvaret. Derfor vil næringslivet bli ein fullverdig del av beredskapsstrukturen i landet.
Eit mål er at både næringsliv og frivillige i større grad blir inkludert i lokale, regionale og nasjonale beredskapsråd. I desse råda deler kommunar, naudetatar, Forsvaret, frivillig sektor og private verksemder informasjon, byggjer felles situasjonsforståing og koordinerer beredskapstiltak.
Kommunane – ein ryggrad i krig og krise
Kommunane er førstelinja når kriser rammar innbyggjarane. Dei har ansvar for helse og omsorg, vatn og avløp, psykososial støtte, krisekommunikasjon og driftar viktige funksjonar som skular og barnehagar. Kommunane skal halde tenestene i gang – også i krise og krig.
Derfor får kommunane ekstra merksemd i Totalforsvarsåret. Dei skal styrke planverket, øve oftare, samarbeide tettare med næringsliv og frivillig sektor og sørge for at leiarar og tilsette veit korleis dei skal handtere pressa situasjonar. Dei får i år ein rettleiar for krig. Kommunen er heilt avgjerande for landets motstandskraft.
Din beredskap gjer ein forskjell
Du er ein viktig del av totalforsvaret. Du skal kunne klare deg i sju dagar ved bortfall av straum, vatn eller nett, slik at naudetatar og kommunar kan prioritere dei mest sårbare når noko skjer.
Din beredskap styrkjer motstandskrafta i samfunnet. Du bør vere kritisk til informasjon du blir utsett for, særleg i sosiale media, og ikkje spreie feilinformasjon og desinformasjon.
Samarbeid i lokalsamfunnet betyr mykje i ei krise. Å vere ein ven, stille opp og bidra med eigne ressursar kan gjere ein stor forskjell.
Vi er grunnmuren forsvaret blir bygd på
Noreg blir tryggare når vi forstår at tryggleik ikkje er noko staten leverer, men noko vi byggjer saman; enkeltpersonar, lokalsamfunn, frivilligheit, næring og forvaltning. I Totalforsvarsåret 2026 skal dette bli enda tydelegare.
Totalforsvaret er vår felles innsats. Vårt felles ansvar. Vår felles tryggleik.
Takk for ditt bidrag inn i totalforsvaret!