Fagdag om samfunnstryggleik og beredskap for ordførar og varaordførar

Bilde av alle ordførarar og varaordførarar
Alle ordførarar og varaordførarar i fylket var invitert til fagdag. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kommunane står ovanfor eit stadig meir samansett og omskifteleg risikobilete. Dei har ei nøkkelrolle i arbeidet med samfunnstryggleik.

Publisert 01.12.2023

Vi står i ein ny tryggingspolitisk situasjon, og dette får konsekvensar for kommunane. 

Dette var tema på ein fagdag Statsforvaltaren held for ordførarar og varaordførarar i medio november.

Statsforvaltar Else-May Norderhus har nyleg gjennomført sjefskurs ved høgskulen til Forsvaret. Ho fortalde at politikarane må kjenne til dei nye rammevilkåra for lokalt arbeid med samfunnstryggleik som følgje av ein ny tryggingspolitisk situasjon. Det som skjer i verda får òg konsekvensar for kommunane. Til dømes pandemi som starta i Kina, og flyktningar frå Ukraina som skal ha opphald og busetjast i norske kommunar. Vi må alle ha meir merksemd på våre kritiske samfunnsfunksjonar og infrastrukturar. Kommunen sin kanskje viktigaste oppgåve er å verne eigne innbyggjarar og dei som er på besøk i kommunen. Dette ansvaret gjeld i heile krisespekteret; frå fred til krig.

Korleis arbeider Statsforvaltaren med samfunnstryggleik og beredskap?

Fylkesberedskapssjef Stine Sætre haldt eit innlegg om oppgåver og roller innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Statsforvaltaren har ein eigen instruks for dette arbeidet: «Instruks for statsforvalteren og Sysselmesteren på Svalbard sitt arbeid med samfunnssikkerhet, beredskap og krisehåndtering».

Kommunane er fundamentet i den nasjonale beredskapen, og har eit omfattande ansvar for å førebyggje og handtere kriser

Kommunane har ei sentral rolle i arbeidet med samfunnstryggleik, og skal utvikle trygge og robuste lokalsamfunn. I innlegget vart det trekt fram nokre viktige element som kommunen må ha på plass. Alle kommunar skal ha ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse. Analysen gjev eit risikobilete av kva som kan skje i kommune og korleis uønskte hendingar kan påverke kommunen. Vidare skal kommunen ha ein overordna beredskapsplan som gjev oversikt over kva for tiltak kommunen har førebudd for å handtere uønskte hendingar.

Kommunane sin rolle som pådrivar og samarbeidspartnar ovanfor andre aktørar vart trekt fram som viktig for samfunnstryggleiken lokalt. I dette arbeidet kan kommunale beredskapsråd vere eit nyttig forum for gjensidig informasjonsutveksling, drøfting og samordning av beredskapsarbeidet i kommunen. Statsforvaltaren tilrår at alle kommunane i Møre og Romsdal har eit kommunalt beredskapsråd, og nyttar rådet aktivt.

Risiko og sårbarheiter i Møre og Romsdal

 Statsforvaltaren presenterte arbeidet med FylkesROS i fylket. Det er utarbeidd fleire versjonar av FylkesROS, som alle ligg på nettsida til Statsforvaltaren. Den siste versjonen av FylkesROS (2022) inneheld scenarioanalysar av uønskte hendingar. Det er analysert hendingar som potensielt kan få store konsekvensar på fylkesnivå.

Ringerike kommune delte erfaringar etter ekstremvêret «Hans» 

I august 2023 vart store delar av austlandsområdet råka av ekstremvêret «Hans». For mange kommunar førte dette til omfattande konsekvensar og krevjande krisehandtering. Kommunedirektør i Ringerike kommune, Tore Isaksen, delte kommunen sine erfaringar frå krisehandteringa.

Kommunedirektøren fortalde om krevjande døgn, og korleis kommunen organiserte krisehandteringa. Spesielt vart utfordringane knytt til evakuering av mange folk understreka, og kor viktig det er med gode avtalar med hotell og frivillige som kan nyttast under kriser.

Det er krevjande å stå i krise over tid, og kontinuitetsplanlegging er derfor viktig. Under hendinga hadde ordførar fokus på innbyggarane, medan kommunedirektøren fokuserte meir på utviklinga av situasjonen.

Kommunedirektøren fortalde at kommunane bør vere budd på å klare seg sjølv i stor grad den første tida under ei slik hending som «Hans».