Ekstremvêret Ingunn

kart over vinder med farge, gul, oransje og rødt
Svært kraftige vinder vil blåse inn over Møre og Romsdal 31. januar. Varselet er nedjustert til oransje farge. Foto: varsom.no.

Onsdag 31. januar treff ekstremvêret "Ingunn" ytre strøk av Møre og Romsdal. Oppdatert varsel frå meterologisk institutt justerer vinden i vårt område ned til svært kraftige vindkast, oransje nivå.

Publisert 30.01.2024
Det vert nytt møte med alle kommunar og fylkesberedskapsrådet for oppdaterte prognosar og informasjon på ettermiddagen 31. januar.  

Det er venta lokalt ekstreme vindkast på 35-42 m/s frå sør seinare sørvest, og sterk storm på kysten og orkan ved Stad. Vinden vil auke først ved Stad, og minke sist på Nordmøre.

  • Fylkeskommunen har bestemt å stenge alle vidaregåande skolar 31. januar. Elevane skal ikkje møte.

  • Følg med på nettsida til din kommune for å sjå om skolar eller barnehagar er stengd! Det er kommunane som bestemmer dette.  
 
Myndigheitene anbefaler at dei som er i området:
  • Held seg inne
  • Følgjer råd frå beredskapsmyndigheiter
  • Følgjer råd frå Statens Vegvesen og sjekkar vegmeldingar (175.no) dersom du MÅ kjøyre
  • Følg råd og sjekk status frå transportaktørar
  • Gjer heimen din klar for eit potensielt lengre straumbrot
  • Ver forsiktig ved ferdsel i strandsona og på sjøen
  • På førehand vurdere tiltak for å avgrense skade

Moglege konsekvensar av ekstremvêret:

  • Det er farleg å vere utandørs, og det ventast uvanleg stor skade på bygningar, infrastruktur, skog og straumnett.
  • Stor fare for innstillingar av flyavgangar, båtar og annan transport.
  • Bruer kan stengjast.
  • Takstein og takplater kan blåse av hus og bygningar.
  • Mange reiser vil kunne få betydeleg lenger reisetid.
  • Straumforsyninga lokalt vil bli betydeleg påverka.
  • Mange vegar kan bli stengde på grunn av tre eller andre objekt i vegbana.
  • Snøfokk i fjellet gir redusert sikt. Kolonnekøyring og/eller stengde vegar forventast.
  • Høge bølger kan gi skade på infrastruktur og bygningar i standsonen.

Kontaktpersonar

Følg med!

Alle dei vidaregåande skolane i Møre og Romdal blir halde stengd onsdag, og elevane skal ikkje møte. Dette har fylkeskommunen bestemt. 

Fleire skolar blir også halde stengd onsdag. Det er kommunane som bestemmer dette.

Følg med på nettsida til din kommune for å sjå om skolar eller barnehagar er stengd onsdag 31. januar! 

English

Extreme weather 'Ingunn' Outer parts of Møre and Romsdal. Expected extremely strong wind gusts: https://www.yr.no/en/extreme/ingunn