Ekstremvêret «Hans»

No er det ekstremvêr og store nedbørsmengder i delar av Møre og Romsdal. Meteorologisk institutt (MET) og NVE har sendt ut fleire farevarsel for 7. og 8. august. Sjekk varsom.no!

Publisert 07.08.2023

Det er store nedbørsmengder og fare for flaum og skred fleire stader i fylket.

Oppmodar til tiltak

Vi hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal følger situasjonen tett og oppmodar alle til å:

  • Halde seg oppdatert om situasjonen
  • Sikre og flytte verdiar bort frå utsette område (til dømes kjellarar, bilar, campingvogner, langs elver og bekkar)
  • Reinse stikkrenner, kummar og andre vassvegar for jord og grus, kvist og lauv, slik at vatten kjem fram
  • Halde seg unna elver og bekker med stor vassføring
  • Vurdere nøye om reiser er naudsynte

Beredskapsmyndigheiter må vere budd på at bygningar og infrastruktur kan bli utsett for alvorlege hendingar.

Naudvarsel til område som blir hardast råka

Møre og Romsdal har mange turistar sommarstid. For å varsle turistar om ekstremvêret blir det sendt ut naudvarsel til dei som oppheld seg i områda som blir hardast råka.

Hald deg oppdatert!

Sjekk kommunen si heimeside for oppdatert informasjon om lokale forhold.

Sjå tips og råd til korleis du kan styrke eigenberedskapen din på: www.sikkerhverdag.no

varsom.no finn du siste oppdaterte varsel om flaum, skred og nedbør.