Ny rettleiar for handtering av havnivåstigning og stormflo

DSB har gitt ut ny rettleiar for havnivåstigning og stormflo, september 2016.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.12.2016

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) publiserte i 2011 rettleiaren «Håndtering av havnivåstigning i kommunal planlegging». I 2013 kom FNs klimapanel med nye tal for global havnivåstiging, desse tala er no nedskalert til norske forhold (2015). DSB har derfor gjort ein revisjon av rettleiaren (september 2016). Den nye retteleiaren har fått namnet «Havnivåstigning og stormflo – samfunnssikkerhet i kommunal planlegging».

 

Tilrådingane i rettleiaren baserer seg på den beste tilgjengelege kunnskapen som føreligg i dag. Utrekningsmetodane for havnivå og stormflo har utvikla seg mykje sidan førre rettleiar frå 2011. Ei stor forbetring med den nye rettleiaren er at gjentaksintervall for stormflo er tilpassa krava i byggteknisk forskrift (TEK10). Sluttbrukarar av retteleiaren vil likevel ikkje oppleve tala for dei ulike gjentaksintervalla som veldig annleis enn i førre versjon. Rettleiaren finn ein mellom anna her: https://www.dsb.no/lover/risiko-sarbarhet-og-beredskap/veileder/temaveileder-havnivastigning-og-stormflo/.