Må vurdere alternativ til Retiro

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fleire innspel til planforslaget for nytt fotballanlegg i Molde, som Norconsult no går i gang med på vegner av Molde Fotballklubb.

Publisert 08.01.2026

– Etter at andre alternative stader for fotballanlegg vart forkasta, har Molde Fotballklubb (MFK) no sterkt redusert sine arealkrav på Retiro. Tidlegare alternative plasseringar er dermed avskrivne på ulikt grunnlag, seier Bjarne Otnes, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren gir sin uttale i forbindelse med oppstarten av planarbeidet, og seier at alternative plasseringar må bli vurdert ut frå same krav som MFK no stiller til Retiro.

Krev gode nok utgreiingar

Både føringar frå departementa, forvaltningslova og reglane for konsekvensutgreiing føreset at kommunen må basere vedtaka sine på utgreiingar av alternative lokasjonar i konfliktfylte plansaker.

– Vi varslar at vi kan kome med motsegn til eit planforslag som ikkje er godt nok utgreidd. Dette er viktig for kommunen og MFK, sidan manglande utgreiingar kan forseinke planprosessen, seier Otnes.

Bør søke breitt etter løysingar

Statsforvaltaren oppmodar kommunen og MFK til å søke breitt nok etter løysingar, og ikkje utelukke alternativ som kan krevje innløysing av eigedomar og å flytte ulike funksjonar.

– Det kan vere nødvendig for å unngå dyrka mark på Årø, der tidlegare signal om jordvern står ved lag, eller for å finne betre løysingar på Eikrem. Vi ser desse to alternativa som mest aktuelle å greie ut med tilsvarande redusert omfang som no er aktuelt ved Retiro, seier Otnes.

Seier frå om planar er i konflikt med nasjonale og viktige regionale interesser

Statsforvaltaren har også varsla at planforslaget for Retiro fotballanlegg kan gi grunnlag for motsegn ut i frå omsyn til friluftsliv inkludert barn og unge, men også naturmangfald og støy.

– Om det blir aktuelt å kome med motsegner, avheng av korleis det konkrete planforslaget blir, og utgreiingane av alternative plasseringar. Det er vår rolle å seie i frå dersom planar er i vesentleg konflikt med nasjonale og viktige regionale interesser, seier Otnes.

Viss kommunen ikkje tar omsyn til Statsforvaltaren sine motsegner i plansaker, blir saka løfta til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.