Plan- og byggesaksreglar

Nedanfor finn du ein oversikt over eit uvalg kjelder som kan vere nyttige ved handsaming av ei plan- og byggesak. Merk at Statsforvaltaren har publisert generell informasjon om arealforvaltning her.

Lov

lovdata finn du gjeldande og historisk regelverk, samt rettspraksis frå domstolane med meir. Sentrale lovar og forskrifter er:

Kommunale arealplanar

Kvar einskild kommune vedtek planar som er rettsleg bindande for arealbruken i området. Alle kommunar har ein kommuneplan med arealdel som tar for seg heile kommunen i grovare trekk.

I mange tilfelle vil det gjelde ein reguleringsplan for eit avgrensa område. Ein reguleringsplan regulerer området på ein meir detaljert måte enn det kommuneplanen gjer. For å sjå gjeldande kommuneplan og reguleringsplanar kan du gå inn på den aktuelle kommunens heimeside. 

Departement, direktorat og Sivilombodsmannen

  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eigne nettsider om plan, bygg og eigedom. Her finn du nyheiter, rettleiingar, prinsipputtalar og tolkingsuttalar innan plan- og bygningsretten.
  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet har tilsvarande nettsider som gjeld plandelen i plan- og bygningslova.
  • Direktoratet for byggkvalitet har eigne nettsider med kommentarar til byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta (byggereglene). Her finn ein også ulike temarettleiarar.
  • Sivilombudsmannen er oppnemnt av Stortinget for å ivareta den einsklides rettigheiter i møte med forvaltninga. Her finn du mange uttalar med relevans for plan- og byggesakshandsaming. 

Temakart 

Rettleiarar