Klagar på løyve til airsoftbane i Årødalen
Molde kommune har gitt dispensasjon frå arealplanen til ei airsoftbane ved Årøelva. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal klagar på vedtaket grunna forureining og forsøpling som bana vil føre med seg.
Vil gi plastsøppel
– Plastkulene som blir brukt i airsoft vil gi opphav til forsøpling og forureining. Slik bana er lagt opp, ligg det ikkje til rette for å samle opp kulene. Dei vil kunne hamne ut i Årøelva og vidare ut i sjøen, og elles bygge seg opp i grunnen, seier Ulf Lucasen, underdirektør hos Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren skal sikre at kommunale vedtak i plan- og byggesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.
– Årøelva har dårleg økologisk tilstand, og airsoftbana vil kunne gjere at målet om betre tilstand i elva ikkje blir nådd. Den viktige kantsona rundt elva, vil også bli påverka av bana.
I strid med eigen administrasjon
Molde sin administrasjon tilrådde å avslå dispensasjonen, sidan kantsona mot Årøelva blir vesentleg redusert av bana, at bana er flaumutsett og fordi risikoen for plastforureining frå kuler ikkje var tilstrekkeleg vurdert.
Hovedutvalet for teknisk, plan, næring og miljø i Molde gjekk imot eigen administrasjon og Statsforvaltaren sin tilråding då dei godkjente dispensasjonen. I sitt vedtak skreiv dei mellom anna:
«Det må lages et tillegg til leieavtalen hvor banen skal ryddes minimum fire ganger i året.»
På feil stad
– Vi meiner banen er planlagt på feil stad. Terreng- og grunnforholda gjer at det ikkje er gjennomførleg å rydde området for plastforureining. Grov stein og grus, i tillegg til ulendt og varierande vegetasjonsdekke gjer det vanskeleg å samle opp plastkuler. Kulene vil forsvinne i grunnen, og noko vil kunne transporterast ut i elva. Dette strir også med retningslinene for forureining hos airsoftforbundet, seier Lucasen.
Statsforvaltaren peiker også på viktigheita av å behalde urørt natur i Årødalen, som er sterkt pressa av utbygging. Dei meiner at Molde kommune og airsoftklubben bør sjå etter andre lokalitetar som kan oppfylle forbundet sine retningsliner.
Bør avslå søknaden
Statsforvaltaren klagar no altså på kommunen sitt vedtak.
– Forureining og omsyn til naturmiljøet i og langs Årøelva talar for at kommunen avslår dispensasjonssøknaden. At kommunen på anna hald har inngått leigeavtale for arealet, skal ikkje ha vekt i dei avvegingane kommunen skal gjere. Dei bør finne eit meir eigna område til banen, seier Lucasen.
Dersom kommunen ikkje tar klaga til følgje vil statsforvaltaren i eit anna fylke behandle saka vidare.
Kontaktpersonar
-
Ulf Lucasen
Tlf: 71 25 84 24