Regionale planar

Regional planlegging er eit samla system for offentleg planlegging i fylka.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.09.2021, Sist endra 22.09.2021

Regional planstrategi (RPS) er fylkeskommunen sitt grunnleggande plandokument. Dette er eit overordna plandokument som rettar søkelyset mot utfordringar og moglegheiter for fylket framover og kva regionale planar og strategiar som skal utarbeidast. Dokumentet viser prioritering av ressursbruken gjennom vidare arbeid med økonomiplan og budsjett.

Viktige rammer for planlegging i fylket

Regional planstrategi gir også viktige rammer for både statleg og kommunal planlegging i fylket. Dette omfattar mellom anna utarbeiding av ein eigen tverrsektoriell fylkesplan. Ny fylkesplan for 2021 - 2024 er bygd opp rundt FNs 17 berekraftstmål. Planen blir vidare utdjupa gjennom ei rekke fylkesstrategiar som følgjer opp berekraftsmåla.

Ny strategi kvart fjerde år

Ny regional planstrategi blir utarbeidd kvart fjerde år i samarbeid med kommunar, statlege organ og organisasjonar. Planstrategien skal ta utgangspunkt i nasjonale mål og rammer, men legge vekt på lokal erfaring og kunnskap. Fylkestinget skal vedta planstrategien, før den blir godkjend av Kongen. 

Les meir på Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine nettsider om regional planlegging og Regional planstrategi ...

Les meir om regionalt planarbeid i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune ...

Lenkjer