Leikeplassar - Statsforvaltaren sine råd i plansaker

Planlegging av gode og trygge oppvekstmiljø for barn og unge er ei viktig kommunal oppgåve.  Tilrettelegging i nærmiljøet bidrar gjerne til betre helse, trivsel og oppvekst.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.03.2018, Sist endra 28.04.2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har utarbeidd ein eigen rettleiar som oppsummerer viktige rammer og føringar for å styrke barn og unge sine interesser i kommunale plansaker.

Vi håper at dokumentet vil vere til praktisk nytte i det kommunale planarbeidet, men at det også kan vere av interesse for private konsulentar, utbyggarar, lag og organisasjonar.

Dokumentet er basert på Statsforvaltaren sine erfaringar som høyringsinstans i kommunale plansaker etter plan- og bygningslova.

(Brosjyra til høgre er laga før Statsforvaltaren bytta namn, 01.01.2021. Då var namnet Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Kontaktpersonar