Verjemålsturné

Verjemålsreforma stiller nye krav til verjene. Fylkesmann Lodve Solholm og hans stab legg derfor opp til ein omfattande informasjonsturne for å nå alle dei 2000 verjene i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2013

 -Vi tilbyr alle verjer og hjelpeverjer i fylket opplæring før 1. juli. Det gjør vi ved å gjennomføre 13 konferansar rundt om i fylket. Interessa har vært stor for desse samlingane, og det er gledelig, seier seksjonsleiar Janne Woie hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Første samling er i Ålesund 13.mai. Fylkesmann Lodve Solholm vil opne samlinga og gler seg til å møte verjene ansikt til ansikt.
-Verjene gjer en særs viktig jobb, og den jobben blir stadig viktigare etterkvart som samfunnet blir meir komplekst. Det er avgjerande for oss at så mange som mogleg blir med som verjer også etter at den nye verjemålslova trer i kraft, seier Solholm.

Etter Ålesund skal det være tilsvarande samlingar i:

Ulsteinvik, Molde, Kristiansund, Surnadal, Smøla og Rauma. Dei fleste stadane blir det informasjonsmøte både på dagtid og kveldstid.

 

Aktuelt

Fakta om reforma:

Den nye verjemålsloven trer i kraft 1. juli 2013, og frå denne dato blir dei rundt 420 kommunale overformynderia i kommunane ned og arbeidet overføras til staten ved 18 fylkesmannsembete.

Fylkesmannen vil etter 1.juli ha myndighet til å opprette verjemål på bakgrunn av begjæring, melding eller på eiget initiativ.

Ny verjemålslov opnar også for muligheita til å frata en person rettslig handleevne delvis, noko som særlig er aktuelt på det økonomiske området. Det er tingrettene som har myndighet til å frata en person rettslig handleevne.

Loven får regler om privatrettslige alternativ til verjemål – framtidsfullmakt. Ein kvar kan utforme en slik framtidsfullmakt som bestemmer kven som skal ta hand om eins interesser når ein sjølv ikkje lenger har helse til det.