Markerer FN sitt tiår for naturrestaurering: – Naturen treng oss no

– Våtmarkene er naturens superheltar. Når vi restaurerer dei, kan vi gjenopprette dei naturlege funksjonane og styrke økosystema, seier statsforvaltar Else-May Botten.
Tysdag 23. september klokka 11.00 inviterer Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune til ei markering ved våtmarksområdet Rørvikvatnet på Vigra i Giske kommune.
Målet er å setje søkelys på korleis restaurering av natur kan gi nytt liv til øydelagde område – og kvifor dette er heilt nødvendig i møte med den globale naturkrisa.
Våtmarkene – naturens superheltar
I Noreg er mange våtmarker påverka av inngrep som grøfting, uttapping og elver lagt i røyr. Våtmarkene er spesielt viktige fordi dei lagrar karbon, dempar flaum, reinsar vatn og gir livsgrunnlag for eit mangfald av artar.
Både FN sitt naturpanel og klimapanel understrekar betydninga av å restaurere, og FN har erklært 2021–2030 som tiåret for naturrestaurering.
– Naturen treng oss no. Restaurering er eit svært viktig verkemiddel for å stanse tap av natur og motverke klimaendringar, seier Botten.
Statsforvaltaren deltek på markeringa saman med fylkesordførar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Anders Riise, og ordførar i Giske kommune, Kenneth Langvatn. Ein skoleklasse frå Vigra skule blir også med denne dagen.
Rørvikvatnet fekk livet tilbake
Rørvikvatnet naturreservat på Vigra er eit konkret døme på vellykka naturrestaurering.

I 2018 og 2019 gjennomførte Statsforvaltaren i Møre og Romsdal omfattande tiltak for å redde det internasjonalt viktige våtmarksområdet, som var trua av gjengroing og framande artar.
– Allereie året etter såg vi resultat: trua fugleartar som hettemåke og vipe kom tilbake. Den sjeldne knekkanda har også funne vegen til det restaurerte området, fortel Botten.

