Du kan restaurere natur!
Veit du om øydelagt natur – på din eigedom eller andre stader? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
I Noreg er mange våtmarker – både elvar, vatn og myr – påverka eller øydelagde av for eksempel grøfter, demningar eller drenering. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar med å restaurere slike område, og få dei slik dei var før dei vart øydelagt.
Restaurering blir brukt for å stanse og reversere øydelegginga av natur over heile verda. FN har erklært perioden 2021–2030 som tiåret for naturrestaurering.
To måtar du kan bidra
1. Tips oss om område som treng restaurering
- Ta kontakt med Statsforvaltaren eller fylkeskommunen viss du kjenner til eit område som kan trenge restaurering.
- Vi vurderer området og kan søkje om midlar til tiltak.
- Restaureringa blir gjennomført av fagfolk, og du får informasjon undervegs.
- Du treng ikkje ha erfaring eller betale noko sjølv. Einaste krav er at området ikkje endrast etter restaureringa.
2. Søk sjølv om støtte til restaureringstiltak
- Du kan søkje om tilskot direkte frå Miljødirektoratet.
- Ordningane er opne for grunneigarar, organisasjonar og kommunar.
- Søknadsskjema og vilkår finn du i Miljødirektoratet sitt søknadssenter.
Eksempel på ulike støtteordningar:
Tilskudd til naturrestaurering
Tilskudd til vannmiljøtiltak, restaureringstiltak Oslofjorden, kalking og anadrome laksefisk
Natursats – Tilskudd til arbeid med å ivareta naturmangfold
Tilskudd til tiltak for å ivareta natur
På nettsida Vannportalen.no finn du også informasjon om korleis du kan søke om støtte til fjerning av vandringshindre frå det europeiske Open Rivers Programme.
Kvifor restaurere natur?
Å restaurere naturen har mange fordelar – både for miljøet og for oss menneske. Her er nokre av dei viktigaste:
Vi bevarer naturmangfaldet
Restaurering gir dyr og plantar tilbake leveområda sine og bevarer mangfaldet av naturtypar.
Vi får reinare vatn og betre vassmiljø
Våtmarker og elver filtrerer vatn og reduserer risiko for flaum ved å ta unna overvatn.
Vi reduserer klimagassutslepp
Intakte naturtypar som myr og skog lagrar store mengder karbon.
Vi tilpassar oss eit endra klima
Naturen fungerer som ein buffer mot ekstremvêr, flaum og tørke – og gjer oss meir robuste i møte med klimaendringar.
Vi styrker pollinering og matproduksjon
Restaurering gir betre levekår for bier og andre pollinerande insekt som er viktige for matproduksjonen.
Vi får betre helse og livskvalitet
Vi får tilbake fleire område for friluftsliv, rekreasjon og gode naturopplevingar.