Planane i Raudbergvika er problematiske for verdsarv og økosystem

Ser Raudbergvika slik ho ser ut i dag.
– Vi konkluderer med at prosjektet er i for stor konflikt med verdsarven Vestlandsk fjordlandskap. Planane gir også ein for stor usikkerheit for langtidsverknader for økosystema i Storfjorden. Og, vi argumenterer for at ei anna lokalisering må bli vurdert, seier underdirektør Ulf Lucasen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto: Cowi.

Statsforvaltaren vurderer at revidert reguleringsplan for Raudbergvika ikkje løyser opp i problem rundt plassering, verdsarv, forureining og økosystemet i Storfjorden.  

Publisert 26.01.2024

Fjord kommune laga i fjor haust nytt forslag til reguleringsplan for Raudbergvika landbasert oppdrett. Kommunen bad Statsforvaltaren vurdere om dei etter dette forslaget kunne trekke motsegnene til reguleringsplanen.

Statsforvaltaren har vurdert revidert reguleringsplan, og har landa på å oppretthalde motsegn som gjeld konflikt med verdsarv, forureining, manglande vurdering av alternativ plassering og utilfredsstillande avklaring av korleis dei utsprengde massane skal disponerast.  

I konflikt med verdsarv og økosystem

– Vi konkluderer med at prosjektet er i for stor konflikt med verdsarven Vestlandsk fjordlandskap. Planane gir også ein for stor usikkerheit for langtidsverknader for økosystema i Storfjorden. Og, vi argumenterer for at ei anna lokalisering må bli vurdert, seier underdirektør Ulf Lucasen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren skriv i brevet til kommunen at anlegget i Raudbergvika vil gje negative verknader for fleire av delverdiane for verdsarvområdet, som til dømes geologi, marint naturmangfald og landskap. Dette er også i tråd med UNESCO sin foreløpige vurdering av prosjektet, som dei gav Klima og miljødepartementet i november i fjor.

Statsforvaltaren poengterer også at handtering av masse frå prosjektet må avklarast nærare.

– Samstundes har vi gått bort frå motsegna til utilfredsstillande utgreidd ROS-analyse, og opparbeiding av badeplass som vi hadde til den første reguleringsplanen, seier Lucasen.

Plasseringa og forureininga er problematisk

Det er sjølve lokasjonen som Statsforvaltaren ser størst problem med. Planområdet ligg delvis innafor Geiranger-Herdalen landskapsvernområde og verdsarvområdet Vestlandsk fjordlandskap.

– Oppdrettsanlegga som allereie er etablert i Storfjorden, har eit samla utslepp på om lag 662 tonn nitrogen kvart år. Det planlagde landbaserte oppdrettsanlegget vil til samanlikning gje eit utslepp på minst 3862 tonn nitrogen pr år. Langtidseffektane av eit så stort utslepp kan bli store for livet i Storfjorden. Vi legg difor vekt på føre-var-prinsippet slik det er lovfesta i naturmangfaldlova, seier Lucasen.

Tiltaket omfattar utsprenging av fjellhallar innafor verdsarv og landskapsvernområde. Det er også planlagt tunnel innafor verdsarv og landskapsvernområdet mellom Raudbergvika til Eidsdal. Det er i tillegg lagt opp til fleire bygningsfunksjonar i dagen, like utafor vernegrensa/verdsarvområdet. Det er planlagt å ta ut 5,5 millionar m³ med fjellmassar.

– Det er knytt stor internasjonal merksemd til korleis verdsarvområda blir forvalta. Her skal vi ha beste praksis i korleis vi tar vare på natur og kulturverdiar, seier Lucasen.

kart over berghallane
Illustrasjonen viser omfang av berghallane før og etter justering, plassering for kjerneboring, og grense for landskapsvern og verdsarvområde. Foto: Norconsult.

Samfunnsnytte og miljøskade

Fjord kommune viser i eit notat knytt til det reviderte planforslaget til betydinga dette anlegget vil få for næringsliv og samfunnsmessig berekraft i kommunen.

– Vi forstår at kommunen ønskjer dei positive effektane av ei slik etablering. Vi vurderer likevel at samfunnsnytten vil blitt vesentleg større dersom anlegget blei lokalisert på ein stad der dei negative verknadene for miljøet var lågare. Vi saknar også ei vurdering av kva verdsarvstatusen gir av verdiskaping, og korleis dette vil endre seg om utbygginga sett verdsarvstatusen i fare.

 

Kontaktpersonar

Ulf Lucasen er underdirektør hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal