Kantvegetasjon langs vassdrag

Kantvegetasjonen er naturleg erosjonssikring, gir ly til små og store dyr. Den kastar skugge og frå vegetasjonen fell insekt ned i vatnet og blir til mat for fisken. Røter og nedfallstre i vatnet gjer gode skjul- og oppvekstområde for yngel, og organisk materiale som lauv gjer gode næringsforhald for blant anna botndyr.
Kantvegetasjonen er naturleg erosjonssikring, gir ly til små og store dyr. Den kastar skugge og frå vegetasjonen fell insekt ned i vatnet og blir til mat for fisken. Røter og nedfallstre i vatnet gjer gode skjul- og oppvekstområde for yngel, og organisk materiale som lauv gjer gode næringsforhald for blant anna botndyr. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Lars Kringstad..

​Kantvegetasjonen langs vassdrag er av stor verdi, og har mange viktige funksjonar. Det er difor ikkje lov å fjerne kantvegetasjon utan løyve frå Statsforvaltaren.  

Publisert 21.06.2022

Langs alle vassdrag med årssikker vassføring skal det oppretthaldast eit naturleg belte av kantvegetasjon, jf. vassressurslova § 11. Så kva er kantvegetasjon? Og kvifor er den så viktig?

Kantvegetasjon langs alle vassdrag har fleire viktige funksjonar for dyr og planter, men bidrar òg til å redusere avrenning, og fungerer som flaum- og erosjonssikring. Det er difor berre i særskilte tilfelle Statsforvaltaren kan gje løyve til fjerning. I ein del tilfelle kan det vere aktuelt å gje løyve til mellombels fjerning for å sikre gjennomføring av naudsynte tiltak. Her følgjer informasjon om kvifor kantvegetasjonen er så viktig. 

Kantvegetasjon er viktig natur

Kantvegetasjon er rik natur mellom vassdrag og land, og fungerer som leveområde til mange dyr og planter. Langs vassdrag kan tettleiken av fuglereir i kantvegetasjonen vere like stor som i ein tropisk regnskog. Kantvegetasjon gjev skjul og skugge, og særleg i mindre bekkar er skuggeeffekten på varme sommardagar viktig. I små bekkar kan soloppvarminga vere betydeleg. For høg vasstemperatur kan få negativ verknad på vekst, utvikling og overleving for larver og yngel av fisk. Frå vegetasjonen fell insekt ned i vatnet og blir til mat for fisken. Røter og nedfallstre i vatnet gjer gode skjul- og oppvekstområde for yngel, og organisk materiale som lauv gjer gode næringsforhald for blant anna botndyr.

Elvemuslingens livssyklus omfattar eit larvestadium som er festa til gjellene på laks eller aure, eit ungt stadium nedgreve i grusen og eit vakse stadium synleg på elvebotnen. Dei eldste elvemuslingane kan bli over 200-300 år gamle. Blir grusen dei lev i tetta av partiklar, til dømes som følgje av avrenning frå tiltak i nedbørsfeltet, kan dei døy av oksygenmangel. Ein av funksjonane til kantvegetasjon er å redusere slik avrenning. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Asbjørn Børset. 

Breidda til kantvegetasjon

Kantvegetasjonsbeltet må vere breitt nok til at det hindrar avrenning, og dannar leveområde for planter og dyr m.m. Til dømes vil flaummarkskog med ei bredde på ti meter ta opp meir enn 3/4 av avrenninga frå terrenget, og kan redusere forureining til vassdrag. Bredda på kantsona vil variere ut i frå jordsmonn, storleiken til vassdraget og elvebreddas utforming, men den økologiske funksjonen til vegetasjonen må oppretthaldast.  

Kantvegetasjon fungerer som erosjonssikring

Røter av buskar og tre bind jorda samen og hindrar at jorda forsvinn ut i vassdraget. Eit breitt belte av kantvegetasjon kan redusere skader ved flaum, mellom anna ved at mindre vatn når inn på dyrka mark eller inn til busetjing. I større elvar kan eit breitt belte med vegetasjon kanalisere isgangen og hindre skadar på landbruksjord, hus, veg og jernbane.

Kven er ansvarleg for kva?

  • Grunneigar er ansvarleg for å oppretthalde kantvegetasjonen.
  • Kommunen skal ivareta kantvegetasjonen i planlegginga etter plan- og bygningslova, fastsette breidda på kantvegetasjonen om nokon krev det etter vassressurslova, og ivareta kantvegetasjon i handsaming av saker etter nydyrkingsforskrifta.
  • Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle gje løyve til å fråvike kravet om å oppretthalde kantvegetasjon. Som regel er det då snakk om løyve til mellombels fjerning, med vilkår om reetablering av kantvegetasjonen etterpå.
  • NVE følgjer opp brot på vassressurslova § 11 om kantvegetasjon. Og har verkemiddel som pålegg om retting, tvangsmulkt, overtredelsesgebyr og stans av ulovleg verksemd.

Skjøtsel

I nokre tilfelle kan det vere behov for å utføre skjøtsel i kantsona, som ved store rotvelta tre i elvekant.

Skjøtsel er lov utan løyve frå Statsforvaltaren. Ved skjøtsel kan ein ta ut enkelte tre, men den økologiske funksjonen til kantvegetasjon skal ikkje øydeleggast. Ein bør ikkje kunne sjå at det har vore utført hogst.

Løyve til fjerning av kantvegetasjon

I eit løyve til fjerning av kantvegetasjon blir dert sett vilkår om reetablering og korleis reetablering kan gjennomførast. Det kan til dømes leggast til rette for naturleg revegetering ved å ta vare på det øvre jordlaget med den naturlege frøbanken og tilbakeføre dette. Skal det plantast er det viktig at det berre vert nytta lokalt førekommande artar av lauvtre og buskar. Dersom det kan vere aktuelt å nytte  transporterte massar må desse vere reine for å hindre spreiing av framande artar.

Kantvegetasjonen ligg mellom land og vatn. Den har rik natur og eit særskilt vern. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Lars Kringstad.

Lover og forskrifter som regulerer kantvegetasjon

Vassforskrifta

Målet med vassforskrifta er at alle vassførekomstar skal ha god økologisk og kjemisk tilstand. Har ikkje vassførekomsten god tilstand skal det utførast tiltak for oppnå betre tilstand. Vatn er ein ressurs som skal vere tilgjengeleg for alle. Ingen har rett til å påverke vatnet i så stor grad at det ikkje kan brukast av mange og til ulike føremål. Å ta vare på kantvegetasjonen langs bekkar og elver, er eit enkelt tiltak for å verne vassførekomstane våre. 

Vassressurslova

Vassressurslova §11 seier at det skal oppretthaldast eit vegetasjonsbelte langs alle vassdrag med årssikker vassføring. Ved hogst langs vassdrag kan det takast ut enkelttre, men ikkje av eit slikt omfang at det øydelegg den økologiske funksjonen til kantvegetasjonen. Statsforvaltaren har ansvar for å følgje opp § 11 i vassressurslova, og kan i særlege tilfelle gje dispensasjon frå føresegna med vilkår.

Forskrift om nydyrking

Forskrift om nydyrking § 6 seier at det skal setjast att minst 6 meter vegetasjonssone mot vassdrag med årssikker vassføring. Langs vassdrag utan årssikker vassføring er kravet minst 2 meter vegetasjonssone.

Forskrift om berekraftig skogbruk

I § 3 i forskrift om berekraftig skogbruk står det at skogbrukarar skal syte for at det takast særlege omsyn til naturmangfald, friluftsliv, landskap og kulturverdiar når dei gjennomfører skogbrukstiltak. I skogbruket vil PEFC-standarden gje god rettleiing om bredda på kantsona som skal stå att, men standarden fritar ikkje for kravet om dispensasjon frå vassressurslova.

Naturmangfaldlova

Naturmangfaldlova stadfestar at naturen skal takast vare på og har eigenverdi, men den er òg verdifull for oss. Føremålet med lova er at vi skal ta vare på mangfaldet av geologi, landskap, naturtypar og artar (§§ 4 og 5). Naturmangfaldlova gjeld for oss alle og for alle offentlege avgjerder som kan påverke naturen (§§ 6 og 7-12).   

Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket

Jordbrukarar får ikkje produksjonstilskot dersom det ikkje er minst to meter vegetasjon mot vassdrag med årssikker vassføring (jf. § 4 i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot). Denne vegetasjonssona kan ikkje jordarbeidast, og skal vere så brei at den motverkar avrenning til ope vatn når vassføringa er normal. I denne sona kan det vere tilstrekkeleg med gamal eng i drift. Kommunen avgjer om det skal tildelast produksjonstilskot. Merk at vegetasjonssone ikkje er det same som kantvegetasjon jf. § 11 i vassressurslova.

Søknadsskjema om dispensasjon for å fjerne kantvegetasjon langs vassdrag

GENERELL INFORMASJON

KONTAKTPERSON

OMTALE AV TILTAKET

FORMÅLET MED TILTAKET

Formålet med tiltaket
Type kantvegetasjon
Skal det hoggast på begge sider av vassdraget?
Er området verna?
Er det registrert sårbare/truga arter som blir rørt av tiltaket?
Er det registrert naturtype som blir rørt av tiltaket?
Er det kjente førekomstar av fisk eller elvemusling i vassdraget?
Er vassdraget ein gytebekk?
Kan tiltaket gi auka fare for flaum, erosjon og lausmasseskred?

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.