Auka tap av sau til jerv og gaupe i 2021

Markert auke i tap av sau til jerv i Rauma, Fjord og Stranda. Tap til gaupe er dobla i Tingvoll. Tap til freda rovdyr er nær halvert i Surnadal, medan Sunndal er uendra. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.11.2021

Statsforvaltaren har ved søknadsfristen 1. november mottatt 56 søknader om erstatning for 1452 sau og lam drept av freda rovvilt i 2021. Dette er ein auke på nær 300 dyr frå 2020. Auken er markert i fjellområda i Rauma, Fjord og Stranda, og i Tingvoll. Surnadal har hatt ein beitesesong med nedgang i tapa til freda rovvilt.

Totalt for fylket er det søkt erstatta 1062 sau tapt til jerv, ein auke på om lag 200 dyr frå 2020. Hovudtyngda av tap til jerv i 2021 ligg i kommunane Rauma, Fjord og Stranda, som samla har ein auke på 286 omsøkte dyr frå 2020. Surnadal hadde høgast tap til jerv i 2020, men dette er no redusert med 30 %.

Søknader om erstatning for tap til gaupe er på 338 sau og lam, og Tingvoll står med 215 dyr for nesten to tredelar av tapa i Møre og Romsdal. Både Tingvoll og Rauma har dobla talet på dyr dei søker erstatning for tap til gaupe. Surnadal har ein vesentleg nedgang i tap til gaupe.

For kongeørn er det søkt om erstatning for 30 lam i Hustadvika kommune, og 2 i Ulstein.

Under Dokument i menyen til høgre finn du tabell og figurar med oversikt over søknadstala. Fordelinga av erstatningskravet på dei ulike rovviltartane er gjort av saueeigarane ved innsending av søknad om erstatning for tap til rovvilt.

Søknadene om erstatning vil som utgangspunkt bli handsama før årsskiftet. 

imagefxodp.png

Figuren viser korleis dei omsøkte tapa i 2021 fordelar seg mellom beitekommunane.